Måsøya
Utsjånad
Måsøya Lokalt namn Muosáidsuolu | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | 71°01′20″N 24°59′11″E / 71.02222°N 24.98639°E
|
Areal | 13,9 km²
|
Høgaste punkt | Hollendaren (290 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Finnmark
|
Demografi | |
Folketal | 54 (2001) |
Folketettleik | 3,9 /km² |
Måsøya (samisk: Muosáidsuolu) er øya som Måsøy kommune i Finnmark er kalla opp etter. Ho ligg aust for Havøysund og vest for Magerøya. Måsøya har eit areal på 13,9 km², og det høgaste punktet på øya er Hollendaren på 290 moh. Måsøya hadde 54 innbyggjarar i 2001.
På Måsøya ligg fiskeværet Måsøy. Øya var i tidlegare tider kommunesenter. Salmediktar Magnus Brostrup Landstad var fødd på Måsøya. Ei villreinstamme på rundt 40 dyr held til på øya.
Det er hurtigbåtsamband frå Måsøya til Havøysund.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Måsøy kommune: Måsøya
- Herresalongen: Et glimt av midnattssolDenne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.