Mégdovas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mégdovas
Μέγδοβας
elv
Plastira3.JPG
Land Flag of Greece.svg Hellas
Lengd om lag 60 km
Kjelde Evrytanía og Kardítsa
Munning Akhelóos
Wikimedia Commons: Megdovas

Mégdovas (gresk Μέγδοβας) eller Tavropós (gresk Ταυρωπός) er ei elv som renn gjennom periferieiningane Kardítsa og Evrytanía i Hellas.

Elva har sitt utspring i fjella nord i Kardítsa og renn gjennom reservoaret Plastírassjøen, som gjev elektrisitet og vatn til Thessalía og Sentral-Hellas. Ho renn inn i Evrytanía og ein dal med noko jordbruk og skogar av furu og gran. Elva renn forbi Karoplési og vest for Domianí før ho renn ut i Kremastásjøen (Akhelóosreservoaret). Elva Akhelóos renn vidare frå Kremastásjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1950-åra vart det bygd ei demning på Mégdovas, som danna Plastírassjøen. Eit anna damprosjekt danna Kremastáreservoaret i 1967, og før dette reservoaret vart konstruert, rann Mégdovas direkte ut i Akhelóos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]