Møre-Silda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Møre-Silda er ein sluk som opphavleg var produsert av Remen slukfabrikk i Måndalen. Truleg var sluken introdusert i 1955.

Møre-Silda blir omtalt som Noregs mest selde skeisluk. Sluken har vore produsert i ein rekke variantar. Dei har vore i kopar, sølv og messing med enten raud eller svart rygg. Sluken har komme i ei rekke vekter frå 6 gram og oppover til 55 gram. Møre-Silda er derfor nytta både i sjø, vatn og elver.

I dag blir sluken marknadsført av Elbe. Sluken kjem no i ein moderne variant som går under namnet Møre-Silda Holographic.