Møsting på månen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Møsting på månen
Mosting crater 4108 h3.jpg
Lunar Orbiter 4-bilete
Koordinatar0°42′S 5°54′WKoordinatar: 0°42′S 5°54′W
Diameter26 km
Djupne2.8 km
Colengdegrad6° ved soloppgang
EponymJohan S. von Mösting

Møsting er eit lite ringfjellmånen, nær senteret av måneskiva, kalla opp etter den danske statsmannen Johan Sigismund von Møsting (1759–1843).

Det ligg heilt søraust i Mare Insularum. Det ruinerte krateret Sömmering ligg i nordvest. I søraust ligg den store kraterbukta Flammarion. Møsting har ein indre vegg i terrassar og ein liten sentral ås i midten av botnen.

I søraust ligg Møsting A som vert nytta som referansepunkt for seleongrafiske koordinatar. Det er definert til å ha koordinatane:

Breiddegrad: 3° 12' 43.2" Sør
Lengdegrad: 5° 12' 39.6" Vest

Seinare vart koordinatsystemet meir presist definert ved hjelpa v Lunar Laser Ranging Experiment.

Satellittkrater[endre | endre wikiteksten]

Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Mösting.

Møsting Breiddegrad Lengdegrad Diameter
A 3.2° S 5.2° W 13 km
B 2.7° S 7.4° W 7 km
C 1.8° S 8.0° W 4 km
D 0.3° S 5.1° W 7 km
E 0.3° N 4.6° W 44 km
K 0.7° S 7.4° W 3 km
L 0.6° S 3.4° W 3 km
M 1.3° S 4.3° W 31 km
U 3.2° S 6.6° W 18 km

Kjelder[endre | endre wikiteksten]