Machakheli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Machakheli (მაჭახელი, Mach'akheligeorgisk, Maçaheltyrkisk), er eit historisk område og ein lang dal langs elva Machakhlistskali mellom Tyrkia og Georgia. Det ligg 23 landsbyar langs dalen.

Området var ein del av det georgiske kongedømet fram til oppdelinga av kongedømet seint på 1400-talet. Det gjekk då til dei delvis sjølvstendige fyrstane Samtskhe (òg kjend som Saatabago (საათაბაგო)), som underkasta seg til osmanske sultanen Mehmed II i 1479. Området vart særleg kjend for produksjonen av muskettar, som fekk kallenamnet Machakhela frå seint på 1700-talet til midten av 1800-talet. Machakheli var sporadisk under Det russiske imperiet sin kontroll under dei mange krigane deira med Det osmanske riket. Etter at den nye tyrkisk-sovjetiske og tyrkisk-georgiske grensa vart trekt i 1921, har Machakheli vore delt mellom dei to landa.

I dag er høyrer Øvre Machakheli til Tyrkia og ligg i distriktet Borçka i provinsen Artvin. Nedre Machakheli ligg i den autonome republikken Adjara i Georgia.

I juli 2012 oppretta Georgia Machakheli nasjonalpark og signerte ein samarbeidsavtale med Tyrkia for å ta seg av miljøsaker i regionen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 41°39′N 42°00′E