Muskett

Moderne rekonstruksjon av avfyring av muskettar under trettiårskrigen.
Muskett er eit handskytevåpen med luntelås, hjullås, flintelås eller ein slaglås. Løpet er glattbora, langt, og vert ladd frå munningen. Under avfyring vart løpet støtta mot ein muskett-gaffel (forkett), fordi musketten vog om lag 6–7 kg. Prosjektila som vart avfyrte, vog om lag 50 g og hadde ein distanse på om lag 200 m. Våpenet var i bruk frå byrjinga av 1500– til midten av 1800-talet.
Soldatar utstyrt med muskettar vart ofte omtala som musketerar.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. Bind. 8. M-Norg. Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-0019-5.
- Caplex.no - Muskett.