Madeleine Peyroux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Madeleine Peyroux
MadeleinePeyroux2005.jpg
Fødd18. april 1974
FødestadAthens i Georgia
OpphavUSA
Sjangerjazz
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapAtlantic Records
Verka somsongar, Gateartist, singer-songwriter, jazzmusikar, komponist, gitarist, jazzgitarist

Madeleine Peyroux (fødd 18. april 1974) er ein amerikansk jazzsongar, gitarist og låtskrivar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Peyroux blei fødd i Athens i Georgia og voks opp i New York og California.[1][2]

Då ho var tretten skilde foreldra hennar seg, og ho flytta med mor si til Frankrike og budde i Paris. To år seinare byrja ho å synga med gatemusikantar i Latinarkvarteret.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Peyroux blei med i ei tradisjonell jazzgruppe kalla The Riverboat Shufflers og deretter The Lost Wandering Blues and Jazz Band, som ho turnerte med i Europa.[1][3]

Peyroux blei oppdaga av ein plateprodusent frå Atlantic Records, og selskapet gav ut debutalbumet hennar Dreamland i 1996. Ho spelte inn versjonar av jazzsongar frå 1930- og 1940-talet (framført av artistar som Billie Holiday, Bessie Smith og Fats Waller) med ei gruppe erfaren musikarar: James Carter, Cyrus Chestnut, Leon Parker, Vernon Reid og Marc Ribot.[1] Eit år seinare song ho ein coverversjon av «Life is Fine» for eit tributtalbum til Rainer Ptacek.[4]

I 2004 gav ho ut EP-en Got You on My Mind med William Galison.[5] Hennar andre fulle album, Careless Love, blei produsert av Larry Klein og gjeve ut av Rounder Records. Det inneheldt coverversjonar av samtidige artistar som Bob Dylan og Hank Williams. Careless Love selde til gull sertifisert av Recording Industry Association of America (RIAA) etter å ha selt ein halv million eksemplar.[6] Klein produserte også det neste albumet hennar, Half the Perfect World, som blei spelt inn med Jesse Harris, k.d. lang og Walter Becker.[2] Half the Perfect World nådde 33. plass på Billboard si Top 200 album-liste. Klein og Becker arbeidde med Peyroux att på albumet Bare Bones (2009). For dette albumet skreiv ho alle songane sjølv, nokre av dei saman med Klein, Becker og Julian Coryell.[1][7] To år seinare gav ho ut Standing on the RooftopDecca Records, produsert av Craig Street[8] og spelt inn med Christopher Bruce, Charley Drayton, Me'shell Ndegeocello, Marc Ribot,[9] Jenny Scheinman og Allen Toussaint.[8]

I 2006 spelte ho inn eit live-opptak ved Abbey Road Studios i England som kom ut på albumet Live from Abbey Road.[10] Det følgjande året vann ho Best International Jazz Artist ved BBC Jazz Awards.[11]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum
  • 1996 – Dreamland
  • 2004 – Careless Love
  • 2006 – Half the Perfect World
  • 2009 – Bare Bones
  • 2011 – Standing on the Rooftop
  • 2013 – The Blue Room
  • 2014 – Keep Me in Your Heart for a While: Best of Madeleine Peyroux
  • 2016 – Secular Hymns
Singlar/EP-ar
  • 2005 – Don't Wait Too Long
  • 2005 – You're Gonna Make Me Lonesome When You Go
  • 2005 – Dance Me to the End of Love
  • 2006 – I'm All Right
  • 2007 - ''Once in a While
  • 2007 - ''A Little Bit
  • 2009 – Instead
  • 2011 – The Party Oughta Be Comin' Soon
  • 2012 – Changing All Those Changes

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Collar, Matt. «Madeleine Peyroux». AllMusic. Henta 4. august 2018. 
  2. 2,0 2,1 Stephen Holden (12. september 2006). «A Singer Oblivious to Fashion, but Not to Life». The New York Times. Arkivert frå originalen 11. februar 2015. 
  3. «Musician Madeleine Peyroux (Vocal) @ All About Jazz». Allaboutjazz.com. Arkivert frå originalen 2012-06-19. Henta 22. desember 2012. 
  4. Swartz, Mark (januar 2003). «Madeleine Peyroux». www.furious.com. Henta 4. august 2018. 
  5. «Got You on My Mind». AllMusic. Henta 13. september 2016. 
  6. «Gold & Platinum - RIAA». RIAA. Henta 4. august 2018. 
  7. «Peyroux Goes 'Bare' On New Album». Billboard. 14. september 2009. Henta 22. desember 2012. 
  8. 8,0 8,1 Jurek, Thom. «Standing on the Rooftop». AllMusic. Henta 4 August 2018. 
  9. «Shore Fire Media Press Release». Shorefire.com. Henta 22. desember 2012. 
  10. «Live from Abbey Road». Arkivert frå originalen 26. oktober 2007. 
  11. «Madeleine Peyroux». Arkivert frå originalen 16. november 2007.