Madeleinekake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Madeleinekaker
Form til å steike ein serie madeleinekaker i.

Madeleinekaker (uttalt madlénkaker) er småkaker som er bakte av ein deig av hovudsakleg kveitemjøl, egg, sukker og honning. Kakene vert steikte i særeigne små metallformer, madeleineformer, som liknar muslingskjel. Dei vert ofte serverte i samband med dessertar, til dømes iskrem, men vert og nytta som godteri (snop) for born og som enkel attåtmat til ein kopp kaffi i uformelle samankomstar mellom forretningsfolk.

Madeleinekakene har fått ein plass i litteratursoga og vorte vidgjetne etter at den franske skjønnlitterære forfattaren Marcel Proust (1871-1922) skildra i boka Du côté de chez Swann, fyrste bandet i romanserien À la recherche du temps perdu (som på norsk har fått namnet På sporet av den tapte tid), korleis smaken av ei madeleinekake dyppa i te laga av lindeblomar vekkjer opp nokre sentrale barndomsminne i hovudpersonen. På dette viset har madeleinekaka vorte ein slags generell metafor for hendingar som vekkjer til live minne, særleg minne frå barndomen.

Madeleinekaka har ifølgje tradisjonen fått namn etter Madeleine Paulmier, tenarinna til markien Perrotin de Baumont i Commercy i det dåverande hertugdømet Lorraine i Frankrike, som i 1755 skal ha bakt slike kaker for hertug Stanislas Leszczyński då han var vert for ein stor middag på slottet sitt i Commercy, Château de Commercy.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]