Madrass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei seng med madrass.

Ein madrass er eit underlag i ei seng. Det er den mjuke delen av senga som ein trekkjer laken over. Ordet madrass kjem via latin materas frå arabiske al-Matrah, som opphavleg betydde det ein kan kaste eller legge noko på, men som etter kvart vart nytta om ei sitjepute.

Madrasstypar[endre | endre wikiteksten]

I Noreg nyttar ein gjerne følgjande kategoriar om madrassar:

  • Vendbar madrass – denne blir mest nytta saman med ei seng med botn. Dette har vore den vanlegaste madrasstypen. Madrassen kan oftast nyttast på begge sider (derfor er han vendbar).
  • Rammemadrass – ei vidareutvikling av den vendbare madrassen. Denne har ein trekonstruksjon under som trekket er festa til, der ein kan montere bein for å heve madrassen frå golvet. Ein treng med andre ord ikkje seng. Madrassen vert òg kalla boksmadrass.
  • Kontinentalmadrass – ein kombinasjon av rame og vendbar madrass. Nederst mot golvet vert det nytta ein ramemadrass med bein eller sokkel, oppå desse vert det lagt vendbare madrassar, på toppen gjerne ein overmadrass. Denne løysinga skal gje ekstra god komfort.
  • Overmadrass – denne blir brukt oppå andre madrassar for å gje ein ekstra god komfort. Det er gjerne høve for å ta av og vaske trekket på overmadrassen, og den blir òg tilrådd av hygieneårsaker.

Material[endre | endre wikiteksten]

Spiralfjørsystem av typen bonell.

Dei fleste madrassane har eit yttertrekk i bomull eller liknande tekstil, innvending er det mange variantar.

  • Stopping – Mest vanlig er bruk av skumgummi, men mange andre former for fyll eller stopping eksisterer, som til dømes krøllhår, ull, halm eller tang. I overmadrasser blir gjerne latex nytta som stopping, i tillegg til vattering med bomull eller holfiber.
  • Fjører – Spiralfjør har ofte ei lengre levetid enn stopping og er mest brukt i madrassar i dag. Dei mest brukte fjørsystema i Noreg er:
    • Bonellfjør – eit standard spiralfjørsystem der fjørene står oppreist og er spunne saman med ståltråd.
    • LFK – ei vidareutvikling av bonellfjørsystemet. Fjørene er gjerne mindre og derav plassert tettare, dette gjev ei betre passform på madrassen.
    • Pose/Pocket – spiralfjørene står innbundne i kvar sin pose, som så er limt saman. Sidan fjørene ikkje er bundne saman vil dei verke meir individuelt og passformer i madrassen blir særs bra.
  • Vatn – vasseng er i dag lite brukt. Madrassen består av ein pose fylt med vatn, gjerne med oppvarming.
  • Luft – slike madrassar blir gjerne som gjesteseng, sidan madrassen er lett å stue bort når han ikkje er i bruk.

Produsentar[endre | endre wikiteksten]

Dei mest kjente madrassprodusentane i Noreg er:

Norske[endre | endre wikiteksten]

Utanlandske[endre | endre wikiteksten]

  • Dux
  • Hilding AB (Sverige)
  • Hästens (Sverige)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Madrass