Pute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oppreidd seng i Hongkong med store hovudputer og mindre pynteputer.

Pute eller kodde (norrønt koddi)[1] er ein gjensydd pose som er fylt med eit mjukt materiale, til bruk som støtte for nokon som kviler, ligg, sit eller kneler. Puter kan også brukast som dekor.

Ordet «pute» kjem truleg frå dansk,[2] og tydde opphavleg noko som var oppsvulma eller oppblese, og blir framleis nytta med denne tydinga. Under føtene er det til dømes tåputer, og kamelar har spesielle tråkkeputer.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Hjartepute laga av ein sjømann.
Fransk sofa (banquette) frå 1800-talet med stor sitjepute og mindre, lause puter.

Som støtteputer kan ein nemna hovudpute som hovudunderlag i ei seng, sofaputer til å sitja på og ha bak ryggen i ein sofa, ryggputer og andre puter til bruk i stolar og på benkar. Mindre, dekorerte puter kan ha som hovudfunksjon å vera til pynt.

Det kan elles vera mjuke puter på berestroppar på vesker og idrettsutstyr og seleputerseletøy.

Andre typar pute er mellom anna nålepute, sypute eller knipleputer til handarbeid, og luktepute til parfyme.

Materialar og fyll[endre | endre wikiteksten]

Opphengde puter med dekorative trekk.
Putekrig er ein populær leik blant barn. Bildet viser eit putekrig-arrangement for ungdommar i Tel Aviv i 2005.

Frå gammalt av har ein fylt hovudputer og dyner fylt med tørt gras eller halm, fjører, krøllhår og liknande. Finare puter blei stoppa med mjukt og lett dun, helst såkalla edderdun, det vil seia dun frå ærfugl, og dunsanking var tidlegare ein viktig næringsveg nokre stader ved kysten i Noreg. I dag er hovudputer ofte fylt med dun av ulike tamme fjørfe, eller med moderne, syntetiske, lette og allergivennlege materialar.

Sjølve puteposen kan vera sydd av vove stoff, tidlegare helst av lin, seinare hovdsakleg av bomull. Finare puter kan også vera sydd av silke eller sateng. Andre typar puter kan verA laga av fløyel, skinn og anna. Puter kan også vera fylte med luft.

Putevar[endre | endre wikiteksten]

Fordi tjukke puter er vanskelege å vaska og tørke, kan ein ofte ha eit vernande trekk eller putevar utanpå dei. Dette hindrar puta frå å bli skiten og er lett å skifta og vaska. Putetrekk som ikkje skal vaskast så ofte kan vera igjensydd, av grovare kvalitet og med meir pynt enn typiske putevar.

Anna[endre | endre wikiteksten]

I staden for mjuke puter har ein også brukt harde støtteskamlar eller steinar til å kvila hovudet på. I Japan og andre delav av Asia har det tradisjonelt vore brukt små treskamlar som nakkestøtte. Også i antikke hus i Pompeii er det funne murte senger med harde puter, det vil seia forhøgingar av stein ved hovudenden.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pute