Kappingvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kappingvin
Kappingvin
Kappingvin
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Kappingvin
Utbreiinga av Kappingvin
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sphenisciformes
Familie: Pingvinar Spheniscidae
Slekt: Spheniscus
Art: Kappingvin S. demersus
Vitskapleg namn
Spheniscus demersus

Kappingvin eller brillepingvin (Spheniscus demersus) er ein flygeudyktig sjøfugl i slekta Spheniscus (bandpingvinar) som er del av pingvinfamilien. Arten er endemisk for kysten av det sørvestre Afrika og er den einaste pingvinarten som hekkar på dette kontinentet. Han er også kjend som afrikapingvin, svartfotpingvin og eselpingvin.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kappingvin (ungfugl)
Arten har ein bleikrosa berr hudflekk ved augo.
Kappingvinar ved Boulders Bay i Cape Town i Sør-Afrika.
Egg

Kappingvinen er i hovudsak svart på oversida og kvit på undersida, men arten har karakteristiske band av svart og kvitt. Det svarte bandet dannar ein stor omvendt U i det kvite på undersida. Elles har fuglen eit kvitt band som går i ein svak omvend boge frå oversida av baklemmene og til oversida av vengene, og dessutan eit tilsvarande kort band som spring frå halsregionen og i boge over auga og ned mot nebbrota. Det karakteristiske ansiktsbandet har gjeve han tilnamnet brillepingvin. Arten har elles fleire mindre svarte prikkar i det kvite på brystet. Toppen av hovudet, den øvre delen av halsen og undersida av haka er svart. Auga er mørke og har ein karakteristisk bleikrosa berr hudflekk rundt og framover mot rota av overnebbet. Nebbet er svart med lysare flekker. Lemmene og føtene er gråsvarte.

Arten blir kring 60–70 cm høg og veg typisk 3–5 kg.[1] Hannen er noko større enn hoa.

Utbreiing og bestand[endre | endre wikiteksten]

Kappingvinen hekkar no på 25 øyar og fire stader på fastlandet langs kysten av Namibia og Sør-Afrika.[2] Arten har likevel blitt observert så langt mot nord som Gabon og Mosambik.[3]

I 1910 blei bestanden av kappingvinar som var 2 år eller eldre anslått til rundt 1,45 millionar individ berre på Dassenøya. I 1956 var bestanden redusert til rundt 220 000 individ, i 1967 til rundt 140 000 individ, og i 1990 til rundt 30 000 individ.[4] Årsaka til dei store reduksjonane var i hovudsak kommersiell eggsanking, sjølv om dette blei forbode frå 1967.[5] Andre årsaker til bestandsreduksjonar var kommersiell sanking av guano, sidan guanoen blei nytta av fuglane til å byggja holganger til reiret slik at det blei verna mot varme, og oljesøl på sjøen utanfor hekkeplassane.[6]

Forskarar gjekk ut frå at bestanden i Namibia bestod av rundt 5 000 par i 2008, og i Sør-Afrika av rundt 21 000 par i 2009, men BirdLife International oppgjev at totalbestanden består av rundt 52 000 vaksne individ.[1] Totalbestanden er blitt redusert med 50–79 prosent sidan 1978, noko som er hovudårsaka til at vurderinga av tilstanden til arten blei justert frå sårbar til sterkt truaIUCN si raudliste i 2010.[1]

Habitat og åtferd[endre | endre wikiteksten]

Kappingvinen er som regel å finna innanfor 40 km frå kysten. Han trekk opp på land for å hekka, myta og kvila, helst på øyar som består av små klipper, berg og store steinar.

Arten hekkar i koloniar og para vender som regel tilbake til den same hekkeplassen kvart år. Reira blir bygde i holgangar og sprekker eller i naturlege fordjupingar under store steinar eller liknande, for vern mot varmen. Hoa legg vanlegvis to egg og begge foreldra deler på ruginga. Det tek rundt 40 dagar til egga blir klekte. Ungane blir verande i reiret i rundt 30 dagar, medan fedrene vaktar dei og mødrene matar dei dagleg. Deretter dannar ungane sosiale grupper for vern, medan begge foreldra dreg ut for å finna mat. Etter cirka 60–130 dagar, når den vaksne fjørdrakta er utvaksen, forlèt fuglane ungeflokkane og dreg på sjøen.[7]

Arten jaktar mellom anna på sørafrikansk ansjos (Engraulis capensis) og brisling (Sardinops sagax).[1] Som andre pingvinar fangar han bytte under dykking. Han dykkar ned mot 60 meter og kan vera neddykka i opp mot 2,5 minutt. Toppfarten kan nå 20 km/t under symjing.[7]

Kappingvinar er svært lydsterke, og skrika deira kan av og til minne om den høge vrinskinga til eit esel. Difor går arten òg under tilnamnet eselpingvin, men òg bøylepingvinar har dette tilnamnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 BirdLife International (2012) Species factsheet: Spheniscus demersus. Besøkt 2012-07-29
  2. Kemper, J.; Underhill, L. G.; Crawford, R. J. M.; Kirkman, S. P. 2007. Revision of the conservation status of seabirds and seals breeding in the Benguela Ecosystem. In: Kirkman, S. P. (ed.), Final Report of the BCLME (Benguela Current Large Marine Ecosystem), pp. 325-342.
  3. del Hoyo, J.; Elliot, A.; Sargatal, J. 1992. Handbook of the Birds of the World, vol. 1: Ostrich to Ducks. Lynx Edicions, Barcelona, Spain.
  4. Shannon, L. J. & Crawford, R. J. M. (1999) Management of the African Penguin Spheniscus demersus – insights from modelling. Marine Ornithology 27: 119–128.
  5. SHELTON, P.A., CRAWFORD, R.J.M., COOPER, J. & BROOKE, R.K. 1984. Distribution, population size and conservation of the Jackass Penguin Spheniscus demersus. S. Afr. J. mar. Sci. 2: 217–257.
  6. CRAWFORD, R.J.M. 1994. 10,000 African Penguins rescued from oil spill. Afr. Wildl. Update 3(4): 1,8.
  7. 7,0 7,1 International Penguin Conservation (april, 2003)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]