Magnetisk storm
Hopp til navigering
Hopp til søk

Illustrasjon av korleis eit område med infisert solvind når jorda og gir opphav til ein geomagnetisk storm som mellom anna trykker saman magnetosfæren.
Ein magnetisk storm eller geomagnetisk storm er eit romværsfenomen i magnetosfæren til jorda, skapt av ei sjokkbølgje i solvinden, som i sin tur er skapt av ei form for solaktivitet, vanlegvis eit koronamasse-utbrot eller solstorm. Vanlegvis varar stormen i éit eller nokre få døgn.
Dei eigenlege magnetiske stormane kan observerast samstundes over heile jorda og varar i fleire dagar. Meir kortvarige magnetiske stormar, substormar, finst spesielt i polarlysovalen. Forstyrringane av magnetfeltet kan under kraftige stormar kome opp i 10 % av den totale feltstyrken.
Effektar[endre | endre wikiteksten]
Blant effektane av geomagnetiske stormar kan det nemnast:
- Nordlys langt sørover. Når magnetosfæren trykkjast saman av sjokkbølgja i solvinden, utvidast polarlysovalane slik at nordlyset synst lengre sørover og sørlyset lengre nordover enn vanleg.
- Høgare strålingsnivå. Stormen fører til at ion og elektron i magnetosfææren akselerer til høge energiar, og strålingsnivåa aukar difor både i magnetosfæren (først og fremst i strålingsbelta) og i den øvre atmosfæren. Det kan ha stor påverknad på satellittar, men har ingen effekt nede på jorda.
- Elkraftproblem. Når magnetfeltet til jorda endrast induserast elektrisk straum i kraftleidningar på overflata til jorda, noko som kan føre til overbelastning i transformatorar med skadar og/eller store elektriske avbrot som følgje. Saman med risikoen for satellittar er dette den største økonomiske risikoen med geomagnetiske stormar. I ein studie frå det amerikanske vitskapsakedemiet, National Academy of Sciences, er konklusjonen at elkraftnettet framleis (2009) er sårbare, og at ein uvanleg sterk geomagnetisk storm kan få konsekvensar som i økonomiske omgrep vil kunne samanliknast med orkanen Katrina sine herjingar.[1][2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Geomagnetisk storm» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Severe space weather. NASA news feature, 21 jan 2009
- ↑ Severe Space Weather Events -- Understanding Societal and Economic Impacts. Workshop Report, Committee on the Societal and Economic Impacts of Severe Space Weather Events:A Workshop, National Research Council, 2008. ISBN 0-309-12770-X