Magnhild Bruheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magnhild Bruheim
Nasjonalitet Norsk
Fødd 17. september 1951 (68 år)
Skjåk
Yrke Forfattar, journalist
Periode 1997-
Debut Varselet
Nettstad magnhildbruheim.no

Magnhild Bruheim (fødd 17. september 1951), fødd og oppvaksen i Skjåk og busett på Lillehammer,[1][2] er ein norsk skjønn- og faglitterær forfattar og frilansjournalist. Ho er utdanna cand.philol. med hovudfag i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1982, og har tilleggsutdanning som journalist. Ho debuterte som forfattar i 1997, og har tidlegare vore radio- og TV-journalist i NRK Oppland. Somme av bøkene hennar er omsette til tysk. Ho var leiar av Norsk Målungdom 1978-79.[3][4]

Bruheim har mellom anna skrive kriminalromanar som er lagde til eit bygdemiljø i perioden frå 1960 til 2000, og vert rekna som ein av dei fremste representantane for sjangeren «bygdekrim». Ho har òg skrive romanar for ungdom, ein oppvekstroman, ein historisk roman, ei matbok og ei bok om gamle slagerar.

Bøker[2][endre | endre wikiteksten]

År Tittel Merknad
2011 Blod på hendene roman
2010 Det som ein gong var roman
2010 På flukt ungdomsroman
2008 Nattskrik kriminalroman
2007 Venneringen ungdomsroman
2005 Trolldomskraft roman
2004 Matminne frå Gudbrandsdalen sakprosa (medf.)
2003 Ny melding ungdomsroman
2002 Dragsug kriminalroman
2001 Svart arv kriminalroman
2000 Lykkeland: Minne frå slagerbøkene sakprosa (medf.)
2000 Utan englevakt kriminalroman
1999 Maskerade kriminalroman
1997 Varselet kriminalroman

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Magnhild Bruheim», driveklepp.org, henta 19. august 2019 
  2. 2,0 2,1 «Magnhild Bruheim», Forfatterkatalogen (på bokmål), henta 18. august 2019 
  3. «Norsk Målungdom», malungdom.no, henta 17. august 2019 
  4. Samlaget, «Magnhild Bruheim», Samlaget (på engelsk), henta 18. august 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]