Magnus Ladulås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magnus Ladulås
Magnus III Barnlock of Sweden as Duke bust 2009 Skara (2).jpg
Føddca. 1240
Død18. desember 1290 (juliansk)
DødsstadVisingsö
GravstadRiddarholmskyrkan
Gift medHelvig av Holstein
DynastiFolkungaætten
FarBirger jarl
MorIngeborg Eriksdotter
BornIngeborg Magnusdatter av Sverige, Birger Magnusson, Erik Magnusson av Södermanland, Valdemar Magnusson, Richeza Magnusdotter of Sweden, Ingeborg Folkunga, Princess of Sweden, Valdemar Folkunga, Duke of Finland

Magnus Ladulås, eigenleg Magnus Birgersson (fødd ca. 1240, død 18. desember 1290Visingsö) var først hertug og deretter konge av Sverige 1275–1290. Han var son av Birger jarl og Ingeborg Eriksdotter av Sverige. Dei svenske kjerneområda – Svealand og Götaland – vart samla under denne kongen med namnet Sverige ca. år 1280.[1][2]

Seglet til Magnus Birgersson

Tilnamnet Ladulås[endre | endre wikiteksten]

I likskap med far sin opprettheldt Magnus den strengaste freden i landet og fekk difor det heidrande tilnamnet ‘Ladulås’ i tydinga at «han sat lås for bonden sin lada» (ladd = låve).

Modernisering av riket[endre | endre wikiteksten]

Gjennom Alsnö-forordninga, utskrive ein gong i 1279–1280, forbaud han valdshandlingar, og gjennom Skänninge-forordninga i 1284 søkte han å fjerna blodhemnen, særleg med forordninga om kongefreden. Den første forordninga inneheldt blant anna skattefridom for den som gjorde krigsteneste til hest, og med det oppstod ein av dei første grunnene til danninga av den nye adelen.

Ekteskap og barn[endre | endre wikiteksten]

Magnus Ladulås gifta seg i Kalmar den 11. november 1276 med Helvig av Holstein (død 1324/1326), dotter av greiv Gerhard I av Holstein. Paret fekk følgjande barn:

  • Erik Magnusson (omkring 1277–1279)
  • Ingeborg Magnusdatter av Sverige (1277/1279–1319), gift med den danske kongen Erik Menved (1274–1319)
  • Birger Magnusson av Sverige (1280/1281–1321), konge av Sverige
  • Erik Magnusson av Södermanland (omkring 1282–1318), hertug av Södermanland. Daude av svolt i 1318 Nyköpingshus' festning etter å ha vorte sett i fengsel av sin bror, kong Birger. Gift med norsk Ingebjørg Håkonsdatter av Noreg.
  • Valdemar Magnusson (omkring 1285–1318), hertug av Finland og (1310) av Öland. Daude av svolt i 1318 i Nyköpingshus' festning etter å ha vorte sett i fengsel av sin bror, kong Birger.
  • Rikissa Magnusdatter av Sverige (1285/1287–1348), abbedisse i St. Klart kloster i Stockholm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Magnus 1 Ladulås». Store norske leksikon (på norsk). 17. april 2018. 
  2. Everett-Heath, J. (1. august 2000), Place Names of the World - Europe: Historical Context, Meanings and Changes (på engelsk), Springer, ISBN 9780230286733, henta 11. april 2019