Mahé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mahé
øy
Land  Seychellane
Del av Seychellane
Areal 157,3 km²
Folketal 77 000 (2010)
Kart
Mahé
4°41′S 55°29′E / 4.68°S 55.48°E / -4.68; 55.48
Wikimedia Commons: Mahé, Seychelles

Mahé er den største øya i Seychellane. Ho ligg i Indiahavet, eit stykke aust for det afrikanske fastlandet. Øya er ei 6 km brei og 25 km lang øy, og har ei yte på 153 km².[1] Mahé har ei befolkning på 78.539 innbyggjarar (2011).[1] Mahé er hovudøya i øygruppa Seychellane. Ho husar 90% av folkesetnaden i landet,[1] hovudstaden Victoria[2] og den einaste hamna på Seychellane.

Mahé er ei granittøy der det høgaste punktet er Morne Seychellois på 905 moh. Fjellet ligg i ein nasjonalpark med same namn. Ved øya ligg òg dei marine nasjonalparkane Port Launay og Sainte- Anne. Frå Mahé blir det eksportert kopra, kanel, patchouli og vanilje.[1]

Ho har namn etter Bertrand-François Mahé de La Bourdonnais, ein fransk guvernør for Isle de France (dagens Mauritius).

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Mahe Island | island, Seychelles» (på engelsk). 
  2. «Mahé - Uppslagsverk - NE». www.ne.se (på svensk). Henta 1. september 2017.