Maja Alm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maja Alm


Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 10. juli 1988 (35 år)
Rødekro
Idrett orientering
Tok del i

Verdenslekene 2013, Verdenslekene 2017

Maja Alm (fødd 10. juli 1988) er ein dansk tidlegare orienteringsløpar som fire år i rad, 2015-18, vart verdsmeister på kortdistansen. I 2015 vann ho VM-gull for Danmark i både kvinnestafett og i mixstafett, også i 2016 vann ho VM-gull på mixstafetten.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Alm hadde sin styrke i dei korte løpa. I fire år på rad vann ho kortdistansen i verdsmeisterskapen, i tillegg til at ho gjennom åra 2012-21 også tok ein sølvmedalje og to bronsemedaljar på distansen. I dei fire verdsmeisterskapane frå 2014 til 2017 var ho oftast ankerkvinne for danske stafettlag, både reine kvinnelag og såkalla mixlag, som til saman sanka tre gullmedaljar og like mange sølvmedaljar. Overmåte godt gjorde Alm det under verdsmeisterskapen 2015 i Inverness. I den innleiande mixstafetten sprang ho det danske mannskapet inn til siger, 1 minutt og 21 sekund føre Anne Margrethe Hausken og det norske sølvlaget. Dagen etter var Alm heilt suveren på kortdistansen, slo nummer med praktisk talt 40 sekund. Tre dagar seinare opna ho kvinnestafetten med eit løp som gav Danmark ei solid leiing som lagkameratane Ida Bobach og Emma Klingenberg omsette til dansk triumf. I VM 2016 i Sverige var Alm nær ved å kopiere denne gullrekka, men måtte i kvinnestafetten nøye seg med sølvmedalje, trass i at ho gjorde ein framifrå ankeretappe.

Alm sanka til saman 7 gull-, 7-sølv og to bronsemedaljar i verdsmeisterskap. Frå fire ulike europameisterskap reiste ho med totalt 2 medaljar i sølv og 3 i bronse.

Åra 2010, 2014 og 2016 enda Alm på tredjeplassen i verdscupen i orientering. Tre gongar var ho med å vinne Venla-stafetten. Fyrste gongen i 2009 med svenske Ulricehamns OK og sidan 2013 og 2014 med OK Pan Århus.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2011: Nr 4 på kortdistansen
  • VM 2012: Sølvmedalje på kortdistansen
  • VM 2013: Nr 4 på kortdistansen
  • VM 2014: Bronse på kortdistansen, sølv i stafett
  • VM 2015: Gull på kortdistansen, kvinnestafetten og mixstafetten
  • VM 2016: Gull på kortdistansen og i mixstafett, sølv i kvinnestafett
  • VM 2017: Gull på kortdistansen og sølv på klassiskdistansen og i mixstafett
  • VM 2018: Gull på kortdistansen og sølv på klassiskdistansen
  • VM 2021: Bronsemedalje på kortdistansen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]