Makaronesialire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Makaronesialire



Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Puffinus
Art: P. baroli
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Puffinus baroli

Makaronesialire (Puffinus baroli) er ei lita lire i stormfuglfamilien som lever pelagisk i eit nokså avgrensa område i subtropisk del av Atlanteren. Ho hekkar på øyar i Makaronesia, det vil seie Asorane, Kanariøyane og Madeira. HBW and BirdLife International illustrated checklist handsamer dette taksonet som ein underart av tropelire, Puffinus lherminieri.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Makaronesialira er marginalt større enn den liknande slektningen dverglire på den sørlege halvkula, og ser elles ut som ei lita utgåve av havlire med mørk overside og kvit underside. Strupen og kinna er kvite som undersida. Det er synleg eit diffust, lyst, sølvaktig område på dei elles mørke vengoversidene. Elles synest vengene korte og relativt breie og halen kort. Eit anna trekk ved denne arten er at ho held hovudet høgt i flukta når ho flyg med kjappe vengeslag og berre korte glidefluktar. Ho har kroppslengd på ca. 28 centimeter, og vengespenn på 58 til 67 centimete[2][3] og vekta er 140–211 gram.[4]

Det vanlege utbreiingsområdet for denne arten er havområdet vest for Den iberiske halvøya og Nord-Afrika. Føda er blekksprut og fisk, dei kan dukke ned til ca. 20 meters djupne for å fange byttet.[5]

Storleiken på populasjonen er usikker, ca. 4400 hekkande par er eit eldre estimat.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Del Hoyo, J.; N. J., Collar, BirdLife International, red. (2014). HBW and BirdLife International illustrated checklist of the birds of the world. Band 1. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 9788496553941. 
  2. Onley, and Scofield, Albatrosses, Petrels and Shearwaters of the World (Helm 2007) ISBN 978-0-7136-4332-9
  3. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  4. 4,0 4,1 Carboneras, C., Jutglar, F. & Kirwan, G.M. (2016). Audubon's Shearwater (Puffinus lherminieri) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 15. november 2016
  5. Neves VC, Bried J, González-Solís J, Roscales JL, Clarke MR (2012) Feeding ecology and movements of the Barolo shearwater Puffinus baroli baroli in the Azores, NE Atlantic. Mar Ecol Prog Ser 452:269-285

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Makaronesialire