Maktfordelingsprinsippet
Maktfordelingsprinsippet skal sikra at maktutøvinga er delt mellom tre uavhengige styresmakter:
- Ei lovgjevande makt som vedtek lovar.
- Ei utøvande makt (òg kalla iverksetjande makt)som set lovane ut i livet.
- Ei dømmande makt som tolkar lovane og bruker dei i kvar enkelt rettskonflikt.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Prinsippet blei tenkt ut av den franske filosofen Charles Montesquieu, som levde på 1700-talet. For Montesqieu var det det viktig å avgrensa korrupsjon blant kongen og adelen i det franske samfunnet. I 1748 formulerte han maktfordelingsprinsippet, som skulle sikra at statsmakta blei delt på tre uavhengige organ. Desse organa skulle vera uavhengige av kvarandre, og ingen av dei skulle styra over nokre av dei andre. Derfor var det viktig at dei balanserte kvarandre, gjennom skilte myndigheitsområde og ei klar oppgåvefordeling seg i mellom.
For å hindra maktmisbruk skulle statsmaktene halda kvarandre i sjakk gjennom eit system av vekt og motvekt. Den lovgjevande makta skulle koma frå sjølve folket gjennom valde representantar. Den utøvande makta skulle kongen ha, «fordi denne delen av regjeringa, som nesten alltid krever rask handling, blir betre utført av éin enn fleire». For at ikkje den lovgjevande forsamlinga skulle bruka lovgjevinga til å gje seg sjølv all makt og dermed setta dei andre statsmaktene ut av spel, måtte kongen ha vetorett. Den dømande makta kunne på si side ta stilling til eller avgjera om ein ny lov gjeven av dei folkevalde var i samsvar eller i strid med grunnloven.
Eit slikt system med maktfordeling og vekt og motvekt mellom styresmaktene kjenneteiknar presidentialismen. Der skal kongressen, presidenten og høgsterett vera klårt åtskilde, men alle styresmaktene har nokre kontrollfunksjonar seg imellom. Parlamentarisme og semipresidentialisme er derimot eit brot på maktfordelingsprinsippet.