Presidentialisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Presidentialisme er eit styresett i somme republikkar, der presidenten er vald separat frå den lovgjevande forsamlinga. I land med presidentialisme er presidenten ofte både statsoverhovud og regjeringsleiar, men i somme slike land utnemner presidenten ein statsminister. Statsministeren er då ikkje ansvarleg overfor nasjonalforsamlinga, som i eit parlamentarisk system, men overfor presidenten.

Presidentialismen er det styresettet som nøgnast fylgjer maktfordelingsprinsippet, med di den utøvande makta og den lovgjevande makta er klårt åtskilde. Både president og kongress er direkte valde, og har soleis kvar deira demokratiske legitimitet. Dei kan eventuelt berre setjast av ved riksrett. Denne maktdelinga byggjer på eit system med tilsvarande vekter og motvekter mellom styremaktene. Presidenten kan nekta eller utsetja vedtak frå kongressen ved sin vetorett, kongressen kan røysta ned framlegga frå presidenten, og vedtak frå kongressen kan prøvast for om dei er i tråd med konstitusjon og grunnlov for den dømande makta, domstolane og Høgsterett gjennom prøvingsretten.

Dette styresettet har hovudsakleg Sambandsstatane som førebilete, og dei andre landa med presidentialisme har gjerne system inspirert av det i Sambandsstatane. I tillegg til USA har, mellom anna, dei fleste statane i Latin-Amerika, mange av dei i Afrika, Indonesia og Filippinane presidentialisme. I Europa finn ein presidentialisme i Russland og Kviterussland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]