Mal Whitfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mal Whitfield
Mal Whitfield USA Athlete, Olympic Games, London, 1948.jpg
Whitfield under London-OL 1948
Fødd 11. oktober 1924
Bay City
Død

19. november 2015
Washington

Yrke offiser, mellomdistanseløper, sprinter, trener, goodwill-ambassadør, flygar
Mal Whitfield på Commons

Malvin Greston Whitfield (11. oktober 192419. november 2015), kjend som Mal Whitfield, var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar fødd i Bay City i Texas. Han vann tre OL-gull og i alt fem medaljar i sommarleikane 1948 og 1952. Whitfield vann sine to individuelle gullmedaljar på 800 meter, dei hine medaljane på 400 m og 4 x 400 m stafett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Whitfield vart olympisk meister 1948 på 800 meter den 2. august i London. På Wembley stadion sprang han i mål på tida 1.49,2, ny olympisk rekord, 0,3 sekundar føre jamaicanaren Arthur Wint. Tre dagar seinare vann Wint 400-meterfinalen på 46,2 sekundar, like framom landsmannen George Rhoden, med Whitfield på bronseplassen på tida 46,9. Til sist i London sprang Whitfield USA inn til ein suveren siger på 4 x 400 stafett, etter at Arthur Harnden, Cliff Bourland og Roy Cochran hadde lagt grunnlaget for triumf.

Frå dei panamerikanske leikane 1951 i Buenos Aires kom Whitfield heim med tre gull. Han vann både 400 m og 800 m og deltok på USA sitt vinnarlag på 4 x 400 m stafett.

Under Sommar-OL 1952 i Helsinki forsvarte Whitfield OL-tittelen på 800 meter på nøyaktig same tid som sist, og atter med Arthur Wint på andreplassen. Som i 1948 sprang han den siste etappen på 4 x 400 m stafett, der han og USA måtte seg slått av Jamaica, som sette verdsrekord med 3.03,9, USA fekk notert 3.04,0.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1948 i London: Gullmedaljar på 800 m og 4 x 400 m stafett, bronsemedalje på 400 m
  • OL 1952 i Helsinki: Gullmedalje på 800 m og sølvmedalje på 4 x 400 m stafett

Whitfield, aktiv flygar under Korea-krigen, døydde på ein heim for krigsveteranar i Washington D.C., 91 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]