Arthur Wint

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arthur Wint


Arthur Wint (122) spring over målstreken på 400 m under Sommar-OL 1948 og vinn Jamaicas aller fyrste olympiske gullmedalje, ved sida landsmannen Herb McKenley (90)

Statsborgarskap Jamaica
Fødd 25. mai 1920
Manchester Parish
Død

19. oktober 1992 (72 år)
Linstead

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen, Utmerkelsesordenen

Arthur Stanley Wint (25. mai 192019. oktober 1992) var ein jamaicansk friidrettsutøvar som vann to OL-gull og like mange OL-sølv, fordelt på sommarleikane 1948 og 1952.

Liv og idrett[endre | endre wikiteksten]

Wint deltok frå 1942 i treningsleirar til det britiske flyvåpenet. Frå 1944 til -47 var han flypilot i Royal Air Force. Der etter studerte han medisin i London.

Under dei olympiske sommarleikane 1948 i London sprang Wint inn til sølvmedalje på 800 meter, tre tidels sekund bakom Mal Whitfield frå USA og like langt framom bronsemedaljøren, franske Marcel Hansenne. Tre dagar seinare, den 5. august 1948, vart Wint olympisk meister på 400 meter framom landsmannen Herb McKenley. «Jamiacas to negrer... dro hverandre frem til seieren på [Bill] Carrs berømte olympiske rekord fra 1932»[1] på 46,2 sekundar, McKenley fekk sluttida 46,4. «McKenley stakk sin hånd inn i Wints der de sto sammen på seierspallen og slapp den ikke før den internasjonale olympiske komités visepresident, Brundage, kom frem med medaljene. Det var to lykkelige store barn fra solens øy. Nå hadde Jamaica vunnet og deres flagg gått til topps.»[2]

Resultatlista etter den olympiske 800-meteren i Helsinki 1952 var nær identisk med slik ho var i OL 1948. USA-amerikanaren Whitfield forsvarte OL-tittelen med nøyaktig same tid, 1.49,2, medan Wint som sist tok sølvmedaljen tre tidels sekund føre bronsevinnaren, men med eitt tidels sekund betre tid, 1.49,4. På 400 meter enda Wint på femteplassen, men som sist vart det dobbeltsiger til Jamaica, no ved George Rhoden og Herb McKenley. Alle desse tre jamaicanarane sprang på laget som den 27. juli 1952 sette verdsrekord med tida 3.03,9 og vann OL-finalen i 4 x 400 m stafett.

Wint deltok i si siste friidrettstevling på Wembley stadion i London i 1953. To år seinare flytta han heim til Jamaica og var åleine dokter i eit stort distrikt vest på øya.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1948 i London: Gull på 400 m – 46,2, sølv på 800 m – 1.49,5
  • OL 1952 i Helsinki: Sølv på 800 m – 1.49,4, gull i 4 x 400 m stafett (3.03,9), nr 5 på 400 m – 47,0

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken s. 24
  2. P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken s. 24

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. Oslo 1957.