Malaysia Airlines

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Airbus A330-300, 9M-MTB, frå Malaysia Airlines i Sydney.

Malaysia Airlines (IATA: MH ICAO: MAS) er det nasjonale flyselskapet i Malaysia. Det har hovudkontor i Kuala Lumpur og bruker Kuala Lumpur-Sepang internasjonale lufthamn, Kota Kinabalu internasjonale lufthamn, Kuching internasjonale lufthamn og Penang lufthamn som hovudflyplassar.

Selskapet blei skipa i 1947 som Malayan Airways Limited (MAL) av Ocean Steamship Company frå Liverpool, Straits Steamship frå Singapore og det britiske flyselskapet Imperial Airways. Det byrja kommersielle flygingar 2. april 1947.

Selskapet bytta namn til Malaysian Airlines Limited då Malaysia blei grunnlagd i 1963. Då Singapore blei skild ut frå Malaysia i 1965 blei selskapet ei tid heitande Malaysia-Singapore Airlines (MSA), før det blei delt i to nasjonale selskap i 1972. Den malaysiske delen heitte først Malaysian Airline Limited og deretter Malaysian Airline System (malaysisk Sistem Penerbangan Malaysia), kjend som Malaysia Airlines. Logoen deira byggjer på wau bulan, ein tradisjonell malaysisk drake.

Selskapet har fått fleire luftfartprisar og utmerka seg lenge som eit særs trygt flyselskap, med berre to dødsulukker i løpet av 68 år, ei av desse ei gisseltaking i 1977.[1] I 2014 var selskapet utsett for to dramatiske ulukker i ulike omstende. Flight 370 forsvann over Det indiske havet i mars 2014. Berre fire månader seinare blei Flight 17 skote ned over Aust-Ukraina. Passasjerar og investorar mista trua på selskapet, og bilettsal og aksjeprisar sokk. I august 2014 melde det malaysiske statsfondet Khazanah Nasional at det planla å kjøpa resten av aksjane i selskapet i tillegg til dei 69,37 % det åtte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]