Imperial Airways

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Handley Page H.P.42

Imperial Airways var Storbritannias nasjonale flyselskap mellom 1924 og 1939 som betente deler av Europa, men spesielt det britiske imperiet med ruter til Sør-Afrika, India og Den fjerne austen. Imperial samarbeidde lokalt med Qantas (Queensland and Northern Territory Aerial Service sin Ltd) in Australia, og TEAL (Tasman Empire Airways Ltd) i New Zealand.

Selskapet vert danna[endre | endre wikiteksten]

Som følgje av råd og anmodning frå den britiske regjeringa slutta dei viktigaste eksisterande engelske flyselskap seg saman for å danna eit selskap, viss mål skulle vera å verta sterkt nok til å utvikla Storbritannias luftfart til å verta bindeleddet innan Imperiet. Regjeringa tilbaud å subsidiera det nye selskapet med 1 million Pund over ti år. Imperial Airways Limited vart grunnlagd 31. mars 1924. Dei selskap som slo seg saman var British Marine Air Navigation Company Ltd (med tre flybåtar), Daimler Airway (fem fly), Handley Page Transport Ltd (tre fly) og Instone Air Line Ltd (to fly). Basen til selskapet var på Croydon Airport.

Den fyrste kommersielle flyging fann stad i april 1924, då ein dagleg London-Paris rute vart opna. Flygingar til andre byar i Europa starta over sommaren. Imperial Airways fekk dei fyrste fly i november 1924. I løpet av selskapet sitt fyrste driftsår vart det transportert 11 395 passasjerar og 212 380 brev.

Forlenginga av rutenettet til Imperiet starta fyrst i 1927 då seks nye fly vart skaffa med flygninger frå Kairo til Basra. men dei første flygninger frå London til Karachi starta ikkje før i 1929 med dei nyinnkjøpte Short S.8 Calcutta sjøfly. Passasjerane vart transportert med tog frå Paris til Middelhavet der Short sjøflya hadde sin base. I februar 1931 starta ei vekentleg rute mellom London og Tanganyika som eit ledd i den påtenkte samband til Cape Town og i april vart ein prøveflyvning med post London-Australia gjord. Innkjøpet av åtte Handley Page H.P.42 fire-motors fly vart tekne i bruk i 1932, og flygingane til Afrika vart forlenga til Cape Town.

I 1934 danna Imperial Airways Qantas Empire Airways Limited(Quantas) for å utvida rutenettet i Søraust-Asia Men det var ikkje før i 1937 med introduksjon av Short Empire sjøfly at Imperial kunne tilby gjennomgåande rute frå Southampton til Imperiet. Turen til Kappstaden gjekk via Marseille, Roma, Brindisi, Athen, Alexandria, Khartoum, Port Bell, Kisumu og vidare med landbaserte fly til Nairobi, Mbeya og knyt til Cape Town. Prøveflyvninger vart òg forteke over Atlanterhavet og til New Zealand. Sommaren 1937 hadde Imperial gjennomført sin flyging nr 1 000. til Englands oversjøiske besittelser.

Air Mail[endre | endre wikiteksten]

Speed Wings Over the World, statue på ein portal over Empire Hovudinngangen til terminal

Empire Air Mail Programme byrja i juli 1937. portotaksten, for brev kvar som helst var 1½ penny per ounce. Halvveges inn i 1938 hadde hundre ton luftpost vorte send til India og eit tilsvarande kvantum til Afrika. Same år byrja bygginga av Empire Terminal i Victoria Station, London, teikna av A. Lakeman og med ein statue av Eric Broadbent, Speed Wings Over the World over hovudinngangen. Frå terminalen gjekk det eigne tog til Southampton som var utgangspunktet for sjøflya og til den no nedlagde Croydon Airport. Terminalen var i bruk seinst i 1980.

Sammenslutning[endre | endre wikiteksten]

Samanlikna med andre selskap (Air France, KLM, Lufthansa) låg Imperial etter i Europa. Det vart sett fram forslag om at alt europisk trafikk skulle overførast til konkurrenten British Airways Ltd. (grunnlagd i 1935). Dette selskapet hadde ein meir moderne flåte og betre organisasjon. Men i november 1939 vart både Imperial og British Airways Ltd slått saman i eit ny statleg eid selskap: British Overseas Airways Corporation (BOAC).Det nye selskapet overtok Imperial sin Speedbird logo, som er vidareført i dagens British Airways Speedmarque, og uttrykket (Speedbird) er framleis Bas kallesignal.

Til trass for at Imperial Airways berre eksisterte i seksten år så etterlét det seg ein betydeleg arv. Selskapet hadde bevist at regelmessig langdistanse ruter både var mogleg og praktisk. Imperial hadde lagt grunnlaget for moderne luftfart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]