Maldiskusjon:Dugnad august 2008

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjem vel i seinste laget, men kann eg få foreslå russiske romanforfattarar? Det er ikkje nett eit emne eg kann mykje um, men jamvel eg skynar det er skammeleg av oss at so å segja einaste store me hev artikkel um er Dostoevski (og han er studt.). Um me berre klarer Tolstoj, Gogol, Lermontov og Chekhov er det eit framsprang.

... Dess-utan er det ein del engelske poetar eg gjerne skulde sett artiklar um.Zjanes 1. august 2008 kl. 00:50 (CEST)[svar]

Så lenge ingen dugnad er fastsett, er det fritt fram å koma med forslag. Russisk litteratur kunne jo vera eit tema. Eller berre forfattarar, det er mange litteraturar me knapt har rørt i. --Ranveig 1. august 2008 kl. 00:57 (CEST)[svar]
Eg foreslo noko meir snevert avdi det ikkje ser ut til at me fær alt for mykje gjort, altsoi von um at eit (noko) smalt dugnadsumråde vilde gjera det mogleg å få artiklar på mest alt det viktuge innan temaet. Men det hev vel mest med sjølvkjensle å gjera. Forfattarar generelt er ein god idé, men i fyrste umgong er det vel betre å få artiklar um t.d. Leo Tolstoj enn Eric van Lustbader. Eg er for forfattarar.Zjanes 1. august 2008 kl. 04:02 (CEST)[svar]
Då har eg laga ei oppfordring med vekt på å få med dei "store". Snevrare emne kan vera ei fin utfordring, men det er ikkje alltid dei slår til -- mai-dugnaden om politiske ungdomsparti i Noreg trur eg ikkje fekk nokon bidrag i det heile, dessverre. Det viktigaste er å skapa litt blest om det ein gjer, så hugser andre på dugnaden. --Ranveig 2. august 2008 kl. 13:11 (CEST)[svar]
Politiske ungdomsparti fekk nokre bidrag, i stor grad små artiklar skapt ved hjelp av leiarlister importert ifrå bokmål. No er det berre stakkars FrPU som ikkje har ein eigen artikkel. Kanskje det blei litt fiasko, men gjort er gjort.
Ai ai! Det vil eg så visst ikkje kalla nokon fiasko. Eg har tydelegvis ikkje følgd godt nok med, og fekk berre med meg det fortsette fråveret til FrPU. Smale dugnadar har jo den fordelen at ein kan oppnå eit mål heilt, eller nesten heilt. --Ranveig 3. august 2008 kl. 09:46 (CEST)[svar]
Forfattarar høyrest veldig bra ut. Kanskje Margit Sandemo har fortent ein artikkel? På Nebula Award og Hugo Award finst nokre lister over kjente folk innan scifi og fantasy (fabelprosa?). Eg trur ikkje det er nokon forfattar der som har vunne nobelprisen i litteratur, men Frank Herbert og Arthur C. Clarke burde få nokre ord. --Krekling 2. august 2008 kl. 19:14 (CEST)[svar]

One black day in the life of Alexander Solzhenitsyn - Om nyleg avdøde Alexander Solzhenitsyn(?) og den sovjetiske altomgripande "Writers Union". Eg visste ikkje kor eg skulle ha posta det, om dette er av interesse.--Krekling 5. august 2008 kl. 23:39 (CEST)[svar]