Nobelprisen i litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nobelprisen i litteratur er ein litteraturpris som blir delt ut årleg til éin forfattar som har stått for eit eineståande forfattarskap.

Prisen blir tildelt av ein femmannskomité frå Svenska Akademien, eit råd av respekterte svenske språkfolk som sit på livstid. Dei fleste medlemmene i akademiet er menn, dei fleste over 70 år, og detter har òg prega komitéen, slik at valet deira av vinnarar kan vera noko konservativt.

Ein urettvis pris?[endre | endre wikiteksten]

Sidan tildelinga tok til i 1901 har dei fleste prisvinnarane vore europeiske mannlege forfattarar. I dei første åra er dette lett å forstå; det var stort sett berre desse som skreiv og gav ut bøker innan den litteraturtradisjonen komitéen vurderte. Men den same skeivdelinga fortsette også etter at slik litteratur skriven av kvinner og ikkje-europearar blei tilgjengeleg.

Selma Lagerlöf mottek Nobelprisen i litteratur av Gustav V av Sverige den 11. desember 1909

Kvinnene som har fått nobelprisen frå 1901 til no er Selma Lagerlöf, Grazia Deledda, Sigrid Undset, Pearl S. Buck, Gabriela Mistral, Nelly Sachs, Nadine Gordimer, Toni Morrison, Wisława Szymborska, Elfriede Jelinek, Doris Lessing og Herta Müller. Resten er menn.

Den første afrikanaren, Wole Soyinka, fekk prisen i 1986, medan den første svarte kvinna som fekk han var Toni Morrison i 1993. På den andre sida gjekk prisen til ei kvinne, Selma Lagerlöf, allereie i 1909, og den første ikkje-europearen, indiske Rabindranath Tagore, i 1913. Ein har prøvd å retta på ulikskapen i dei seinare åra, men hundre års tradisjon kan vera vanskeleg å venda.

Nobelprisen i litteratur er òg blitt kritisert for ikkje å ha plukka ut forfattarar som seinare er blitt rekna som særs viktige innan verdslitteraturen, til dømes Anna Akhmatova, Jorge Amado, Jorge Luis Borges, Bertolt Brecht, Anton Tsjekhov, Joseph Conrad, Robert Frost, Graham Greene, Aldous Huxley, Henrik Ibsen, James Joyce, Franz Kafka, D.H. Lawrence, William Somerset Maugham, Alberto Moravia, Robert Musil, Vladimir Nabokov, George Orwell, Fernando Pessoa, Ezra Pound, Marcel Proust, J.D. Salinger, Leo Tolstoj, Marina Tsvetajeva, Mark Twain, Tennessee Williams og Virginia Woolf.

Vinnarar av Nobelprisen i litteratur[endre | endre wikiteksten]

1900-åra[endre | endre wikiteksten]

Nobelprisen i litteratur i 1900-åra
År Namn Land
1901 Sully Prudhomme Frankrike
1902 Theodor Mommsen Tyskland
1903 Bjørnstjerne Bjørnson Noreg
1904 Frédéric Mistral Frankrike
José Echegaray y Eizaguirre Spania
1905 Henryk Sienkiewicz Polen
1906 Giosuè Carducci Italia
1907 Rudyard Kipling Storbritannia
1908 Rudolf Christoph Eucken Tyskland
1909 Selma Lagerlöf Sverige

1910-åra[endre | endre wikiteksten]

Nobelprisen i litteratur i 1910-åra
År Namn Land
1910 Paul Johann Ludwig Heyse Tyskland
1911 Maurice Maeterlinck Belgia
1912 Gerhart Hauptmann Tyskland
1913 Rabindranath Tagore India
1915 Romain Rolland Frankrike
1916 Carl Gustaf Verner von Heidenstam Sverige
1917 Karl Adolph Gjellerup Danmark
Henrik Pontoppidan Danmark
1919 Carl Spitteler Sveits

1920-åra[endre | endre wikiteksten]

Nobelprisen i litteratur i 1920-åra
År Namn Land
1920 Knut Hamsun Noreg
1921 Anatole France Frankrike
1922 Jacinto Benavente Spania
1923 William Butler Yeats Irland
1924 Władysław Reymont Polen
1925 George Bernard Shaw Irland
1926 Grazia Deledda Italia
1927 Henri Bergson Frankrike
1928 Sigrid Undset Noreg
1929 Thomas Mann Tyskland

1930-åra[endre | endre wikiteksten]

Nobelprisen i litteratur i 1930-åra
År Namn Land
1930 Sinclair Lewis USA
1931 Erik Axel Karlfeldt Sverige
1932 John Galsworthy Storbritannia
1933 Ivan Alekseyevich Bunin Russland
1934 Luigi Pirandello Italia
1936 Eugene O'Neill USA
1937 Roger Martin du Gard Frankrike
1938 Pearl S. Buck USA
1939 Frans Eemil Sillanpää Finland

1940-åra[endre | endre wikiteksten]

Nobelprisen i litteratur i 1940-åra
År Namn Land
1944 Johannes Vilhelm Jensen Danmark
1945 Gabriela Mistral Chile
1946 Hermann Hesse Sveits
1947 André Gide Frankrike
1948 T. S. Eliot USA/Storbritannia
1949 William Faulkner USA

1950-åra[endre | endre wikiteksten]

Nobelprisen i litteratur i 1950-åra
År Namn Land
1950 Bertrand Russell Storbritannia
1951 Pär Lagerkvist Sverige
1952 François Mauriac Frankrike
1953 Winston Churchill Storbritannia
1954 Ernest Hemingway USA
1955 Halldór Laxness Island
1956 Juan Ramón Jiménez Spania
1957 Albert Camus Frankrike
1958 Boris Pasternak (Борис Леонидович Пастернак; avslo) Russland
1959 Salvatore Quasimodo Italia

1960-åra[endre | endre wikiteksten]

Nobelprisen i litteratur i 1960-åra
År Namn Land
1960 Saint-John Perse Frankrike
1961 Ivo Andrić Jugoslavia
1962 John Steinbeck USA
1963 Giorgos Seferis Hellas
1964 Jean-Paul Sartre (avslo) Frankrike
1965 Mikhail Sjolokhov (Михаил Александрович Шолохов) Russland
1966 Samuel Josef Agnon Israel
Nelly Sachs Tyskland
1967 Miguel Ángel Asturias Guatemala
1968 Yasunari Kawabata Japan
1969 Samuel Beckett Irland

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Nobelprisen i litteratur i 1970-åra
År Namn Land
1970 Aleksandr Solzjenitsyn (Алекса́ндр Иса́евич Солжени́цын) Russland
1971 Pablo Neruda Chile
1972 Heinrich Böll Tyskland
1973 Patrick White Australia
1974 Eyvind Johnson Sverige
Harry Martinson Sverige
1975 Eugenio Montale Italia
1976 Saul Bellow Canada/USA
1977 Vicente Aleixandre Spania
1978 Isaac Bashevis Singer USA
1979 Odysseas Elytis Hellas

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Nobelprisen i litteratur i 1980-åra
År Namn Land
1980 Czesław Miłosz Polen/USA
1981 Elias Canetti Storbritannia
1982 Gabriel García Márquez Colombia
1983 William Golding Storbritannia
1984 Jaroslav Seifert Tsjekkoslovakia
1985 Claude Simon Frankrike
1986 Wole Soyinka Nigeria
1987 Joseph Brodsky Russland-USA
1988 Naguib Mahfouz Egypt
1989 Camilo José Cela Spania

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

Nobelprisen i litteratur i 1990-åra
År Namn Land
1990 Octavio Paz Mexico
1991 Nadine Gordimer Sør-Afrika
1992 Derek Walcott St. Lucia
1993 Toni Morrison USA
1994 Kenzaburō Ōe (大江 健三郎) Japan
1995 Seamus Heaney Irland
1996 Wisława Szymborska Polen
1997 Dario Fo Italia
1998 José Saramago Portugal
1999 Günter Grass Tyskland

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

Nobelprisen i litteratur i 2000-åra
År Namn Land
2000 Gao Xingjian (高行健) Frankrike
2001 V.S. Naipaul Storbritannia
2002 Imre Kertész Ungarn
2003 J.M. Coetzee Sør-Afrika
2004 Elfriede Jelinek Austerrike
2005 Harold Pinter Storbritannia
2006 Orhan Pamuk Tyrkia
2007 Doris Lessing Storbritannia
2008 Jean-Marie Gustave Le Clézio Frankrike
2009 Herta Müller Tyskland

2010-åra[endre | endre wikiteksten]

Nobelprisen i litteratur i 2010-åra
År Namn Land
2010 Mario Vargas Llosa Peru
2011 Tomas Tranströmer Sverige
2012 Mo Yan Kina
2013 Alice Munro Canada

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]