Maldiskusjon:Fødd

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Brukarrettleiing[endre wikiteksten]

Bruk malane {{fødd}}, {{levde}} osb. for å få dei inn i kategoriane for fødd på den og den datoen/året automatisk.

For å få fram teksten «(f. 20. januar 1949)» (slik som for Göran Persson), skriv dette:

  • {{fødd|20. januar|1949|Persson, Göran}}

Krøllparantesane viser at det er ein mal, det andre og tredje feltet viser til dato og år, og det siste feltet er der for alfabetisering (jf. under bokstaven «P» på Kategori:Fødde i 1949). Resultatet blir dermed det det skal bli (1, 2, 3-tala i malen er variablar som viser til dato, år, osb.).



Diskusjon[endre wikiteksten]

Sjå kategori:fødde i 1949 - Göran Persson har blitt ganske kreativt alfabetisert - det virkar som om denne malen hostar litt. (Barend 7. mai 2006 kl. 17:16 (UTC))

Eit problem til med denne malen: Som ein kan sjå på Kjell Magne Bondevik (m.a.): Det står ein eller annan stad at standardmåten å begynne ein artikkel om ein person skal vera å oppgi fødselsdato og -stad. Staden havnar no utanfor parantesen, og det ser rart og uelegant ut. Kan dette rettast opp på ein måte? Eg kan ikkje gjera det, eg er ikkje god med malar. --Barend 26. juli 2006 kl. 14:01 (UTC)
Når det gjeld artikkelen om Göran Persson, hadde den som hadde lagt inn malen gløymt å leggje inn alfabetisering, så det hadde ingen ting med sjølve malen å gjere. Men når det gjeld artikkelen om Kjell Magne Bondevik, synest eg og det ser litt rart ut med ein opningsparentes og to sluttparentesar. Ein annan ting som gjer at eg sjeldan brukar denne malen er at han legg Kategori:Fødde i <årstal> og Kategori: Fødde den <dato> før dei andre og meir viktige kategoriane. Desse to bør ligge sist, og det veit eg ikkje korleis vi skal få til med ein slik mal. --EIRIK\diskusjon 26. juli 2006 kl. 15:18 (UTC)

Barend: Kanskje du tenker på Wikipedia:Stilmanual? Den er omsett for lenge sidan frå nb:. Wikipedia:Biografiar er litt nyare, men bør nok òg oppdaterast. Eg kunne godt tenkt meg å visa til malane fødd og levde, men viss de andre ikkje liker dei går jo ikkje det.

Me kan kanskje stilla krav om at fødestaden òg skal med heilt i byrjinga, men eg synest den enkle malen er grei som han er, med fødeopplysinga der ho høyrer heime, anten etter parentesen eller, særleg viss det er ei lengre utgreiing, under "Livssoge".

Einaste måten eg veit om på for å visa andre kategoriar før levde-kategoriane er å leggja dei føre sjølve artikkelteksten, og det er vel ikkje særleg populært. -- Ranveig 26. juli 2006 kl. 16:35 (UTC)

Kan de ikkje legge ut opplysingar om korleis me nyttar denne malen, og andre? Sida med oversikt over malar er ikkje oppdater på lengje. --Ekko 12:01, 14 august 2006 (UTC)

Forkorting[endre wikiteksten]

Treng vi verkeleg å forkorte «fødd» til «f.»? Det gir meining i eit papirleksikon, men på Wikipedia ser eg det som heilt unødvendig. Visuelt er det heller ikkje noko særleg. Eg foreslår å skifte det ut med «fødd». – Pladask 28. april 2011 kl. 16:52 (CEST)[svar]

Sånn, eg berre gjorde det. Mykje meir smakfullt etter mi meining. :-) – Pladask 28. april 2011 kl. 17:24 (CEST)[svar]
Eg er samd.--Barend 29. april 2011 kl. 21:02 (CEST)[svar]