Maldiskusjon:Tidlegare politiske parti i Noreg
Utsjånad
Konsoliderte Venstre er ei nemning ei tid bruka på partiet Venstre. Dermed treng ikkje dette vera med som eit av dei tidlegare politiske partia i Noreg. Eller er det nokon som meiner det bør vera med? --Gunnernett 6. april 2006 kl. 17:40 (UTC)
- Er Radikale Venstre eit tidlegare politisk parti i Noreg? Er det ikkje berre i Danmark det finst eit slikt parti? Kanskje radikale venstre var ei nemning på den radikale delen av Venstre i motsetnad til moderate venstre ? --Gunnernett 6. april 2006 kl. 17:49 (UTC)
- Godt merka Gunnernett. Konsoliderte Venstre bør vekk. Og så vidt eg veit har det aldri vore eit Radikale Venstre i Noreg. Me hadde Radikale Folkeparti, som tidlegare heitte Arbeiderdemokratene, og som på 40- og 50-talet hadde felleslister med Venstre i Hedmark. Men noko Radikale Venstre har eg aldri høyrd om. At eg eller du ikkje har høyrd om det betyr jo ikkje at det ikkje har eksistert, men Kunnskapsforlagets leksikon har heller ikkje høyrd om det. (Barend 6. april 2006 kl. 21:10 (UTC))
- Eg har no teke vekk Radikale Venstre og Konsoliderte Venstre. Dermed har me snart alle(?) tidlegare politiske parti i Noreg ... --Gunnernett 7. april 2006 kl. 07:35 (UTC)
- Det var eg som la inn Radikale Venstre og Konsoliderte Venstre for ei god stund sidan, etter at dei vart nemnt som partinamn i ei gammal historiebok eg hadde. Konsoliderte Venstre bør vekk, ja. Eg veit ikkje med Radikale Venstre; det var kanskje ei nemning på radikale fraksjonar innan partiet Venstre, og bør sikkert fjernast frå den her lista, ja. / Kurtber™|Ordskifte 7. april 2006 kl. 10:10 (UTC)
- PS: Fjerna Tverrpolitisk Liste òg -- Eg trur det er den lausare samanbundne føregjengaren til Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti.
- Artikkel for Radikale Venstre i Danmark er oppretta. Dersom det skulle visa seg at det faktisk har eksistert eit parti med dette navnet i Noreg òg får me oppretta fleirtydingsside. (Barend 8. april 2006 kl. 15:11 (UTC))
Start ein diskusjon om Mal:Tidlegare politiske parti i Noreg
Diskusjonssider er stader der ein diskuterer korleis innhaldet på Wikipedia kan bli så godt som mogleg. Du kan bruke denne sida for å starte ein diskusjon med andre om korleis Mal:Tidlegare politiske parti i Noreg kan forbetrast.