Malekus ortografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Malekus ortografi beskriv forsøka på å gje det chibchanske språket maleku ei rettskriving til bruk i litteratur, undervisning og forsking. Språket har inga offisiell rettskriving, men lingvistar har utarbeidd nokre variantar, kalla «praktiske alfabet», som skil seg lite frå kvarandre.

Maleku er eit språk med få brukarar, og ifølgje Adolfo Constenla Umaña er utviklinga av eit alfabet svært viktig for at språket skal overleve, for med eit skriftsystem kan ein publisere litteratur på språket, og på den måten stimulere malekuane til å bevare språket og kulturen sin.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]