Malvi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Malvi, òg kalla malwi, malavi, mallow og malwada, er eit indoarisk språk frå Malva-regionen i India, med omkring 16.4 millionar talarar. Språket består av dialektane ujjaini (i distrikta Ujjain, Indore, Dewas, Shajapur og Sehore), rajawadi (i distrikta Ratlam, Mandsaur, Neemuch), umathwadi (i distriktet Rajgarh) og sondhwadi (i distrikta Rjgarh og Jhalawar). Omkring 75 % av dei talande kan òg snakka hindi, og evna til å skriva andrespråk som hindi finst blant omkring 60 % av folkesetnaden.

Den næraste slektningen er nimadi, som vert tala i Nimar-regionen i Madhya Pradesh og i Rajasthan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]