Mamers Valles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit nedsøkk i Mamers Valles fotografert av Mars Express

Mamers Valles (latin for Mamersdalane) er eit dalsystem nord på Mars. Området har mogelege spor etter breaktivitet generelt og meir spesifikt mogelegvis steinbrear.[1]

Mamers Valles er estimert å ha ein alder på kring 3,8 milliardar år, noko som plasserer det i hesperium-perioden. Materialet på dalbotnane er mykje yngre - kan henda nokre få millionar år eller mindre.[2]

Rett vest/nordvest for Mamers Valles ligg landskapet Deuteronilus Mensae. Vidare nordvest ligg krateret Lyot.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]