Qing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mandsju-dynastiet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Qing
kinesisk 清朝

(pinyin Qīng cháo, Wade-Giles Ch'ing ch'ao)
mandsjuisk Daicing gurun.png (Daicing gurun)

Blank.png
1644–1912 Flag of China (1912–1928).svg

Flagget til Qing

Qing-flagget

Nasjonalsong
Gong Jin'ou (1911)
Plasseringa til Qing
Utstrekkinga av Qing-riket i 1892.
Hovudstad Shengjing
(1636–1644)

Beijing
(1644–1912)
Språk Kinesisk, mandsjuisk
Poltisk struktur Rike
Historie
 - Erobringa av Beijing 1644
 - Fullstendig erobring av Sørlege Ming 1662
 - Siste keisaren abdiserte 12. februar 1912

Qing (tidlegare transkripsjon Ch'ing) eller Mandsju-dynastiet var eit kinesisk dynasti av mandsjuisk opphav som vart skipa i 1636, og som styrta Ming-dynastiet i 1640, og som sjølv opphøyrde i 1912Republikken Kina vart oppretta.[1] På det største herska dynastiet over Mongolia, Ytre Mandsjuria, Hainan, Taiwan og Fastlands-Kina og «Outer Northwest China». Dynastiet hadde Kina sin siste keisar.

Dynastiet vart grunnlagt av ein stamme frå Mandsjuria. Dynastiet herska opphaveleg som «Det seinare Jin», men tok i 1636 namnet Qing som tyder 'klår' eller 'gjennomskinleg'.

Mandsju-dynastiet si erobring av Kina førte til at over 25 millionar menneskje døydde.[2][3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Qing-dynastiet vart ikkje skipa av han-kinesarar, som utgjer majoriteten av innbyggjarane i Kina, men av eit bufast bondesamfunn kjent som jursjenane, tilhøyrande folkeslaget tungusarar som heldt til i eit område som no er del av provinsane Jilin og Heilongjiang.[4] Mandsjuane blir av og til feilaktig rekna for å ha vore nomadar,[5] noko dei ikkje var.[6][7]

Det som seinare vart til Mandsju-staten, vart skipa (tidleg 1600-talet) av Nurhaci, høvdingen for ein mindre jursjenar-stamme, Aisin Gioro, i Jianzhou.[8][9][10] Opphaveleg var han ein vasall i Ming-keisardømet. Han byrja å organisere fleire såkalla banner, frå seint på 1500-talet; eit banner var ein inndeling av samfunnet, og det einskilde banner hadde ansvar for sin eigen hær, ein såkalla banner-hær.

Fram til 1616 hadde Nurhaci konsolidert sin makt blant «Jianzhou-jursjenar», og han kunne då erklære seg som khan av staten «Det store Jin».[11] To år gjekk, og Nurhaci gav opent avkall på (openly renounced) overherredømet til Ming-styret. Etter ei rekke av vellykka slag, flytta han hovudstaden frå Hetu Ala (i noverande Xinbin) til større og større byar i Ming-riket: først Liaoyang i 1621, deretter Shenyang (Mukden) i 1625.[12]

Dorgon vart prinsregent då den 5 år gamle Shunzhi-keisaren vart utnemnd i september 1643.

Qing-dynastiet fekk offisielt makta i Kina i 1644 etter at Beijing vart teken og plyndra av bondeopprørarar leidde av Li Zicheng, ein mindre embetsmann for Ming-dynastiet. Den siste Ming-keisaren Chongzhen tok livet av seg, og Li oppretta det kortvarige Shun-dynasitet. Dette vart styrta året etter av Qing-styrkar som vart hjelpte av Ming-generalen Wu Sangui.[13][14] Hjelpa bestod i at generalen lot sleppe gjennom Shanhai-passet, hærane til Dei åtte banner leia av prinsregent Dorgon, som slo opprørarane i slaget om Shanhaipasset.

Motstand hos lojalistane frå Det sørlege Ming-dynastiet, og motstand i samband med Dei tre føydalherrane sitt opprør leia av Wu Sangui, forsenka Qing si endelege nedkjemping av Ming, til 1683 under regjeringstida til Kangxi-keisaren.

Frå og med Kangxi-keisaren si regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

Regjeringstida til Kangxi byrja då han var 8 år gammal, då far hans døydde (1661). Frå eiget dødsleie sette Shunzi-keisaren fire leiande regeringsmedlemmar til å herske på vegne av den kommande barne-keisaren: Sonin, Ebilun, Suksaha, og Oboi.

Frå og med styret til keisarane Yongzheng og Qianlong[endre | endre wikiteksten]

Yongzheng-keisaren si regjeringstid (1723–1735) og den til Qianlong-keisaren (fram til 1796) er rekna som høgda på makta til Qing-dynastiet.[15]

Etter at Kangxi-keisaren døydde vinteren 1722 vart prins Yong, Yongzheng-keisaren.[16] Yongzheng handla snøggt. Først promoterte han konfutsiansk ortodoksi. Han meinte at faren hadde vore slapp i høve til dette. Yongzheng gjorde motsett av far sin, og brukte makta si mot uortodokse sekter, og han fekk henretta ein anti-mandsjuisk forfattar som far til Yongzheng hadde gjeve nåde.I 1723 gjorde han kristendom ulovleg, og han utviste kristne misjonærar, nokre av dei fekk bli verande i hovudstaden.[17] Deretter handla han for å få kontroll over statsapparatet. Han utvida systemet til far sin, vedrørande «Palace Memorials» som bragte rapportar, som var rettfram og detaljerte om lokale forhold, direkte til trona utan å bli stansa av byråkratiet.[18] Yongzheng arva også diplomatiske og strategiske problem. Eit lag (utelukkande) av mandsjuar forma Kiakhta-traktaten, for å teikne ned den diplomatiske forståinga med Russland.[19]

Yongzheng-keisaren døydde i 1735. Den 24 år gamle sonen hans, prins Bao vart Qianlong-keisaren. I eigen person leidde han felttog ved Xinjiang og Mongolia. Ein reknar med Ti store felttog leia av Quinlong-keisaren frå 1750-talet til 1790-talet, og landområda under Qing-styre i Indre Asia, vart utvida.

Qianlong-keisaren skipa nokre ambisiøse kulturprosjekt, inkludert samlinga av Siku Quanshu. Med 3.400 bøkar, 79.000 kapittel, og 36.304 volum, er Siku Quanshu den største samlinga av bøker i kinesisk historie. [20]

Korrupsjon var eit stort problem på slutten av Qianlong si regjeringstid. Heshen, yndlingen til keisaren, hevdast å ha utnytta godvilja til keisaren, til å bli ein av dei meist korrupte embedsmenn i dynastiet si tid.[21] Qianlong sin son, Jiaqing-keisaren (regjeringstid 1796–1820), fekk Heshen dømd til å bli henretta, og deretter gav han ordre om at Heshen skulle ta sitt eiget liv.

Overbefolkning vart eit problem. Veksten av folkesetnaden stagnerte på første halvdel av 1600-talet, på grunn av borgarkrigar og epidemiar. Med rikdom og stabilitet i landet, og med landbruksprodukt frå plantetypar som var nykommarar frå dei amerikanske kontinenta, som t.d. potet og peanøtt, så auka folkesetnaden frå 100 millionar menneskje til 300 millionar menneskje. Snart var det ikkje meire ledig landbruksareal; den einaste del av landet som framleis hadde dyrkbar jord som var ledig, var Mandsjuria, der provinsane Jilin og Heilongjiang hadde blitt hegna inn (walled off), i kraft av å vera heime-områda (eller heimlandet) til mandsjuane. Keisaren vedtok for fyrste gang at Han-kinesiske sivilpersonar hadde forbod mot å busette seg der.[22] Mongolar hadde forbod frå Qing-styret, om å krysse grensane til eiget banner, og mongolar kunne heller ikkje krysse grensa sjølv om det var til eit anna såkalla mongol-banner, og mongolar hadde også forbod mot å krysse over til «neidi», dei 18 Han-kinesiske provinsane, og mongolar fekk alvorleg straff om disse forbod vart broten, og på denne måten vart mongolar halden skilde frå einander, til beste for Qing-styret.[23] Mongolske pilgrimar som ynskja å passere grensa til sitt banner, av religiøse årsaker, var nøyd til å søke om ein passersetel (passport).[24] Utvalde grupper av Han-kinesiske såkalla bannermenn vart av statsapparatet, masse-overflytta til Mandsju-banner, og deira etnisitet vart endra frå Han-kinesisk, til mandsjuar. Han-kinesiske bannermenn som høyrde til Tai Nikan 台尼堪 ('vaktpost-kinesarar') og den sin undergruppe[25] Fusi Nikan 抚顺尼堪 ('Fushun-kinesarar'),[26] vart overflytta til Mandsju-banner i 1740, etter ordre frå Qing-keisaren Qianlong.[25] Det var mellom 1618–1629 at Han-kinesarar frå Liadong hoppa av til jursjenane (mandsjuane); desse Han-kinesarane vart seinare Fushun Nikan og Tai Nikan.[27] Offisielt fanst forbod mot Han-kinesisk busetting på «Mandsju land» og på mongolsk land, men på 1700-talet vedtok Qing-styret å busette Han-flyktninger frå det nordlege Kina, i Mandsjuria og Indre Mongolia; flyktningene hadde vore råka av svelt, flaum og tørke.[28]Lovlig og ulovlig tilstrøyming av Han-kinesarar inn til Mandsjuria, tok til via den kinesiske muren og «syrin-palisaden».[29]

Kvite Lotus-samskipnaden sitt opprør tok til, mot Qing-styret (1796). Kvite Lotus-opprøret varte i åtte år, og det var eit vendepunkt i Qing-dynastiet.[30]

Opprør og anna sosial uro og press utanfrå[endre | endre wikiteksten]

Då dynastiet tok til, fanst det ikkje formelt noko utanriksdepartement, men etaten Lifan Yuan var ansvarleg for relasjonane med rika til mongolane og tibetanarane i Sentral-Asia. Nertsjinsk-traktaten (1689) stabiliserte forholdet til Det russiske imperiet.

Jahriyya-opprøret (1813) bestod av sekterisk vald mellom to ordenar innanfor innanfor den sufistiske Naqshbandi-ordenen: Jahriyya-sufimuslimar og dei rivaliserande Khafiyya-sufimuslimane.[31] Dei åtte trigram-opprøret braut ut i 1813.

På 1700-tallet hadde europeiske stormaktar auka sine landområde i andre verdsdelar, og desse europeiske statane sin økonomi vart bygde på sjøbasert handel. Dynastiet vart konfrontert med nyvinningar i det internasjonale systemet, og i mellomstatlege relasjonar. Europeiske handelsstasjonar i India og på øyar i noverande Indonesia, fekk tilleggs-oppgåve med kontroll av territorium. Med suksess i starten, svara Qing med å skipa Kanton-systemet i 1756, noko som begrensa handel frå sjøfart, til den byen (noverande Guangzhou), og gav handelsmonopol til ein type kinesiske privateigde handelsføretak, kalla Hong.

Det britiske austindiske kompaniet og Det nederlandske austindiakompaniet hadde tidlegare blitt innvilga tilsvarande handelsmonopol frå regjeringa i sitt land. I 1793 hadde Det britiske austindiske kompaniet, med stønad frå den britiske regjeringa, sende ein delegasjon til Kina, Lord George Macartney for å opna for frihandel. Det kinesiske hoffet såg på handel som ei sekundær interesse, medan britane såg på handel frå sjøført som nøkkelen til britisk økonomi.[32]

Behovet i Europa for kinesiske varer som silke, te og keramikk, kunne berre dekkast viss europeiske handelskompani kanaliserte sine begrensa beholdninger av sølv, til Kina. Seint på 1700-talet var regjeringene til Storbritannia og Frankrike djupt uroa over at handelsbalansen med Kina var ujamn, og uroa over straumen av sølv som forlet desse europeiske landa. For å møte den aukande kinesiske etterspørselen etter opium, så auka Det britiske austindiske kompaniet, produksjonen i Bengal. Sidan Kina sin økonomi for det meiste var sjølvforsynt, hadde landet i liten grad behov for å importere varer eller råvarer frå Europa, difor vart det vanleg at ein brukte sølv som betaling. Daoguang-keisaren vart uroa over at straumen av sølv ut av Kina, og uroa over skade som opium-røyking hadde på innbyggarane. Difor fekk Lin Zexu ordre om å gjere slutt på opium-handelen.Lin konfiskerte i 1839, utan å kompensere, opium som var på lager. Dette førte til at Storbritannia sende ein militærstyrke året etter.

Den første opiumskrigen syna at militæret i Kina var utdatert.Skipa i marinen til Qing-styret hadde berre djunkar, ein type treskip. Marinen vart utklassa av moderne taktikk og eldkrafta frå våpena til den britiske marinen.På landejorda brukte britiske soldatar avanserte muskettar og artilleri. Dei utmanøvrerte Qing-styrkane. Qing overgav seg i 1842.


1700-talet opplevde keisardømet ei ny storheitstid då det lukkast i å dra økonomisk nytte av den europeiske koloniverksemda. Dette førte likevel til opiumskrigane (1839–1842 og 1856–1860) mot Storbritannia, krigar som kinesarane tapte. Dermed vart Kina tvunge til å gå med på handelsavtalar som var svært gunstige for britane. På 1800-talet følgde òg den fransk-kinesiske krigen (1883–1885) og den første kinesisk-japanske krigen (1894–1895). Igjen tapte Kina dei begge.

Mot slutten av Qing-dynastiet låg den reelle makta i landet i hendene på utlendingar. Dessutan fanst indre strid som følgje av dårlege levekår og nasjonale strøymingar som ville driva ut dei framande maktene. Dette førte til fleire store opprør som Taipingopprøret (1850–1864), Nianopprøret (1853–1868) og boksaropprøret (1898-1901).

Eit militæropprør i Wuchang den 10. oktober 1911 vart startskotet for Xinhairevolusjonen, ein landsomfattande oppstand som i februar 1912 tvinga den siste keisaren, Xuantong, til å abdisera. Deretter vart Republikken Kina proklamert.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Qing-dynastiet i Kinas historie (1644-1911)». Arkivert frå originalen 2016-10-18. 
  2. Nolan, Peter (2013). China at the Crossroads. John Wiley & Sons. ISBN 978-0745657615. 
  3. «5 Of The 10 Deadliest Wars Began In China». Business Insider. 6 October 2014. Arkivert frå originalen 5 November 2019. Henta 5 November 2019. 
  4. Pamela Crossley, The Manchus, p. 3
  5. Patricia Buckley Ebrey; Anne Walthall (2013). East Asia: A Cultural, Social, and Political History (3rd utg.). Cengage Learning. s. 271. ISBN 978-1-285-52867-0. 
  6. Frederic Wakeman Jr. (1985). The Great Enterprise: The Manchu Reconstruction of Imperial Order in Seventeenth-century China. University of California Press. s. 24. ISBN 978-0-520-04804-1. Arkivert frå originalen 8. april 2019. Henta 1. september 2015. 
  7. Parker, Geoffrey (2013). Global Crisis: War, Climate and Catastrophe in the Seventeenth Century (illustrated utg.). Yale University Press. ISBN 978-0300189193. 
  8. Swope, Kenneth M. (2014). The Military Collapse of China's Ming Dynasty, 1618–44 (illustrated utg.). Routledge. s. 16. ISBN 978-1134462094. 
  9. Mair, Victor H.; Chen, Sanping; Wood, Frances (2013). Chinese Lives: The People Who Made a Civilization (illustrated utg.). Thames & Hudson. ISBN 978-0500771471. 
  10. Ebrey|2010|pp=220–224
  11. Ebrey|2010|pp=220–224
  12. Nolan, Peter (2013). China at the Crossroads. John Wiley & Sons. ISBN 978-0745657615. 
  13. «5 Of The 10 Deadliest Wars Began In China». Business Insider. 6 October 2014. Arkivert frå originalen 5 November 2019. Henta 5 November 2019. 
  14. (Spence, 2012; pp = 97, 101)
  15. Rowe|2009|p=68}}
  16. Hsü|1990|pp=35–37}}
  17. Spence|2012|pp=80–83}}
  18. Spence|2012|pp=83, 86}}
  19. «In Chinese:康乾盛世"的文化專制與文字獄». china.com. Arkivert frå originalen 5 January 2009. Henta 30. desember 2008. 
  20. Schoppa, R. Keith. Revolution and its Past: Identities and Change in Modern Chinese History. Pearson Hall, 2010, pp. 42–43.
  21. Elliott|2000| p = 617}}
  22. Franck Billé; Grégory Delaplace; Caroline Humphrey (2012). Frontier Encounters: Knowledge and Practice at the Russian, Chinese and Mongolian Border. Open Book Publishers. s. 41. ISBN 978-1-906924-87-4. 
  23. Charleux, Isabelle (2015). Nomads on Pilgrimage: Mongols on Wutaishan (China), 1800–1940. BRILL. s. 15. ISBN 978-9004297784. 
  24. 25,0 25,1 Crossley, Pamela Kyle (2000). A Translucent Mirror: History and Identity in Qing Imperial Ideology. University of California Press. s. 128. ISBN 978-0520928848. 
  25. Elliott, Mark C. (2001). The Manchu Way: The Eight Banners and Ethnic Identity in Late Imperial China (illustrated, reprint utg.). Stanford University Press. s. 84. ISBN 978-0804746847. 
  26. Crossley, Pamela Kyle (2000). A Translucent Mirror: History and Identity in Qing Imperial Ideology. University of California Press. s. 103–5. ISBN 978-0520928848. 
  27. Reardon-Anderson, James (2000). «Land Use and Society in Manchuria and Inner Mongolia During the Qing Dynasty». Environmental History 5 (4): 503–509. JSTOR 3985584. doi:10.2307/3985584. 
  28. Richards, John F. (2003), The Unending Frontier: An Environmental History of the Early Modern World, University of California Press, s. 141, ISBN 978-0-520-23075-0 
  29. The New Encyclopædia Britannica, s357
  30. Jonathan N. Lipman; Jonathan Neaman Lipman; Stevan Harrell (1990). Violence in China: Essays in Culture and Counterculture. SUNY Press. s. 76. ISBN 978-0-7914-0113-2. 
  31. Têng|Fairbank|1954|p=19}}

Referansefeil: <ref>-merke definert i <references> har gruppenamnet «» som ikkje vert nytta i teksten føre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Qing