Manduca
Manduca | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Sommarfuglar Lepidoptera |
Familie: | Sphingidae |
Stamme: | Sphingini |
Slekt: | Manduca Hübner, 1807 |
Manduca er ei slekt av sommarfuglar som tilhøyrer familien svermarar (Sphingidae). Dei rundt 70 artene lever i den nye verda. Desse er store, grå eller brune svermarar.
Utsjånad[endre | endre wikiteksten]
Manduca-artar er middelsstore til særs store (vengespenn 80–180 mm), grå eller brune svermarar. Kroppen er spoleforma og vengene høvesvis smale. Hovudet er stort og breitt, og sugesnabelen velutvikla og lang. Bakkroppen har ofte gule sideflekker. Forvengene er brun- eller gråaktige med varierande teikningar, bakvengene er vanlegvis mørke med lysare tverrband. Larvane er vanlegvis grøne med lyse skråstriper på sidene. I alle fall dei fremste kroppsledda er knudrete eller dekte med små piggar på ryggsida, nokre gonger er heile larva kledd med piggar. Puppane har oftast ei meir eller mindre lang, fri, sugesnabel-slire som står ut frå kroppen.
Levevis[endre | endre wikiteksten]
Larvane kan leva på ei lang rekkje ulike planter, òg innan ei art kan det vera store variasjonar. Hyppig brukte familiar er søtvierfamilien (Solanaceae), jernurtfamilien (Verbenaceae), trompettrefamilien (Bignoniaceae) og rubladfamilien (Boraginaceae). Nokre arter kan gjera skade i jordbruket, særleg på planter i søtvierfamilien slik som potet, tomat, tobakk, aubergine, chilipepar og paprika.
Utbreiing[endre | endre wikiteksten]
Slekta Manduca kan finnast over det meste av dei amerikanske kontinenta bortsett frå lengst i nord og lengst i sør. Det finst flest arter i dei tropiske områda. Nokre artar kan vandra ein heil del og kan dermed dukka langt opp nord for det eigenlege utbreiingsområdet.
Artsgalleri[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Manduca» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2018.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |