Manfred Germar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manfred Germar


Statsborgarskap Tyskland, Vest-Tyskland
Fødd 10. mars 1935 (89 år)
Köln
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1960

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt, Verdienstkreuz 1. Klasse des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland, Hall of Fame des deutschen Sports, Sportler des Jahres, Verdienstorden des Landes Nordrhein-Westfalen

Manfred Germar (fødd 10. mars 1935) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Köln som representerte Tyskland og Vest-Tyskland. Han vart dobbelt europameister i 1958.

Germar deltok i Sommar-OL 1956, der han vart femtemann på 100-meteren. Som ankermann for det tyske mannskapet på 4 × 100 meter stafett kneip han bronseplassen framom Italia. Under europameisterskapen 1958 i Stockholm vann han gullmedaljen på 200-meteren og han tok sølvmedaljen på 100 meter, berre slått av landsmannen Armin Hary. Germar avslutta EM med å springe Tyskland inn til triumf på 4 x 100 m stafett. I eit internasjonalt stemne i Wuppertal 1. oktober 1958 sette han europarekord på 200 meter med tida 20,6 sekund. Han kom ikkje vidare frå semifinalane då Sommar-OL 1960 fann stad i Roma. To år seinare slo Vest-Tyskland, med Germar som ankermann, Polen på målstreken i kampen om sigeren på 4 x 100 m stafett ved Friidretts-EM 1962 i Beograd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]