Wuppertal

Koordinatar: 51°16′0″N 7°11′0″E / 51.26667°N 7.18333°E / 51.26667; 7.18333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wuppertal
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Wuppertal
Wuppertal is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Düsseldorf
Kreisfri by
Grunnlagd 1929
Geografi
Flatevidd
 - By

168,41 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

358 043
  2 126/km²
Koordinatar 51°16′0″N 7°11′0″E / 51.26667°N 7.18333°E / 51.26667; 7.18333
Høgd over havet 100-350 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 42001–42399
Telefon-retningsnummer 0202
Bilnummer W
Heimeside: www.wuppertal.de

Wuppertal er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 360 000 innbyggjarar. Han ligg sør for Ruhr-området ved elva Wupper.

Byen er eit stort industrisenter med industriar som tekstil, metallurgi, kjemikaliar, medisin, elektronikk, gummi, køyretøy og kopieringsutstyr. Ein av dei mest kjende smertestillande midla, Aspirin, vart funne opp i Wuppertal av Bayer Health Care AG.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd i 1929 då ein slo saman Barmen, Elberfeld, Vohwinkel, Ronsdorf, Kronenberg, Langerfeld og Beyenburg. Namnet var opphavleg Barmen-Elberfeld, og etter 1930 Wuppertal («Wupperdalen»).

Byen er bygd opp i rette linjer på grunn av dei bratte åssidene langs elva Wupper. Dette er uvanleg for byar i Tyskland. Dei dominerande bysentruma Elberfeld (det historiske handelssenteret) og Barmen (meir industrielt) har danna eit felles område sidan 1850. I dei påfølgjande tiåra vart dei den dominerande industrielle samlinga nordvest i Tyskland. Før 1800-talet gjekk mot slutten tok derimot Köln, Düsseldorf og Ruhr-området over denne rolla, og desse hadde meir gunstig topografi.

Under den andre verdskrigen vart om lag 40 % av byen øydelagd av dei allierte sine bombetokt, i lag med mange av dei andre industrisentera på denne tida. Ein stor del av dei historiske minnesmerka fekk derimot stå urørt, som Ölberg-området, ein av dei største arbeidarklassebydelane i Tyskland, og den såkalla Briller Viertel, den største bydelen i Tyskland med spissborgarboligar.

Etter frigjeringa frå naziregimet vart Wuppertal ein del av den britiske okkupasjonssonen og så ein del av delstaten Nordrhein-Westfalen i Vest-Tyskland.

Folk frå Wuppertal[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Wuppertal