Manfred Rommel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manfred Rommel

Manfred Rommel (fødd 24. desember 1928 i Stuttgart, Tyskland, død 7. november 2013 i Stuttgart) var ein tysk politikar (CDU) og embetsmann. Han var overborgarmeister i Stuttgart frå 1974 til 1996.

Manfred Rommel var einaste barn av generalfeltmarskalk Erwin Rommel og Lucia Maria Mollin. Då Manfred var 16 år gammal, vart faren Erwin tvinga av nazistane til å ta livet sitt etter 20. juli-attentatet. Manfred Rommel tenestegjorde under krigen som luftvernhjelpar. Han avslutta Abitur i 1947 og studerte deretter jus og statsvitskap i Tübingen. I 1956 gjekk han inn i statstenesta i Baden-Württemberg, og i 1959 vart han regjeringsråd og så personleg sekretær for den dåverande innanriksministaren Hans Filbinger. I 1971 vart han ministerialdirektør i finansministeriet og seinare statssekretær same stad.

I 1974 vart han vald til overborgarmeister i Stuttgart som etterfølgjaren til Arnulf Klett. Han vart vald med 58,9 % av røystene og slo SPDs kandidat Peter Conradi. I 1982 vart han attvald med 69,8 % og i 1990 med heile 71,7 % av røystene. I 1996 vart den tidlegare sekretæren hans, Wolfgang Schuster, vald til etterfølgjaren hans.

Manfred Rommel var òg president for den tyske bykongressen (Deutscher Städtetag), ei samanslutning av tyske byar. Han var gjennom mange år ein av CDUs mest populære kommunalpolitikarar.

Rommel vart i 1996 utnemnt til æresborgar av Stuttgart, og han gav òg ut fleire bøker og diktsamlingar. Han mottok ei rekkje utmerkingar. Han skreiv jamleg kommentarar for Stuttgarter Zeitung.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • President for Freiherr-vom-Stein-Gesellschaft
  • Orden wider den tierischen Ernst (1982)
  • Orden des Großoffiziers im Orden von Oranien-Nassau (1982)
  • Æressentator ved Fachhochschule für Technik Stuttgart (1982)
  • Æresdoktor ved University of Missouri-St. Louis (1983),
  • Æresdoktor ved Maryland University
  • Æresdoktor ved University of Wales
  • Riddar av Æreslegionen (Den franske republikken) (1985)
  • Kommandør av Æreslegionen (2002)
  • Guardian of Jerusalem (1987)
  • Kommandør av Order of the British Empire (1990)
  • Baden-Württembergs fortenestemedalje
  • Theodor Heuss-medaljen
  • General Clay-medaljen
  • Dolf Sternberger-Preis
  • Karry Preis
  • Großes Bundesverdienstkreuz mit Stern und Schulterband

Publikasjonar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Horst Rudel og Thomas Borgmann: Manfred Rommel - Bilder einer Ära, DRW-Verlag, 2000, ISBN 3-87181-456-3