Manin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manin
منين
landsby
Mar Takla-tempelet nær Manin
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Al-Tall-distriktet
Nahiyah Al-Tall
Høgd 1 200 moh.
Koordinatar 33°38′32″N 36°17′52″E / 33.64222°N 36.29778°E / 33.64222; 36.29778
Folketal 17 521  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)

Manin (arabisk منين) er ein liten by sør i Syria kring 18 kilometer nord for Damaskus. Manin er ein populær turiststad, omgjeve av sju små fjell med Manindalen i mellom. Maninelva renn frå fjellet «Al-Ain» (arabisk العين) og held fram til ho når forstadane av Damaskus. Landsbyen ligg kring 1200 meter over havet.[2] I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Manin eit folketal på 17 521 i 2004.[1] I 1960-åra vart han rapportert å vere ein forholdsvis stor landsby med 3 200 innbyggjarar.[2]

Nyare oppdagingar ved eit anna fjell kalla Mar Takla (frå arabisk : مار تقلا, St. Thecla) syner at byen har hatt ei lang historie, særleg i romersk og bysantinsk tid, med to tempel skore ut i klippene i fjellet med mange hus og graver.[3] St. Helena fekk bygd to kyrkjer i Manin.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 Boulanger, 1966, s. 303.
  3. معابد منين , تأليف محمود حمود و ابراهيم عميري