Mannen i Romsdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marstein stasjonRaumabanen i bygda Marstein, med Mannen som den venstre toppen i bakgrunnen. Den høgeste toppen er Breitind. Stasjonen var i drift 1924–2012.
Foto: Anders Beer Wilse, 1924

Mannen er eit 1294 m høgt fjell over Horgheim i Romsdalen. Fjellet har ei særeiga tindenål og forma kan minna om ei enorm gås som sit og skodar ut over dalen. Det er synleg frå dalføret.

Mannen heilt til venstre i fjellmassivet Trolltindan.

Fjellet er ustabilt og ein ventar eit ras på opp mot 120 mill m³. Fjellet har sidan 2009 vore overvaka av Åknes/Tafjord beredskap IKS. Hausten 2014 vart det observert auka rørsle i fjellet. Rørsla er svært følsam for nedbør og ved slutten av oktober 2014 vart fleire hus evakuerte og Raumabanen vart stengd.[1]

Overvakinga i 2017 skjer mellom anna med GPS-antennar, bakkebasert radar mot terreng, laser, geofonar, elektronisk vater (tiltmeter), boreholsinstrument (DMS) som mælær deformasjon, mikrofonar, ekstensometer (strekkstag), meteorologisk stasjon og web-kamera. Eit tiltak for å få slutt på dei stadige evakueringane når fjellet rører på seg, er å pumpe vatn frå ei tjørn på baksida av Mannen opp i tre store vasstankar. Deretter skal vatnet sprøytast gjennom slanger ned i sprekkene i fjellpartiet. Dette skal skje når rørslene i fjellet er store og folk i faresonen er evakuerte.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Nokre store rasulykker på Nordvestlandet:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjøberg, J., Valvik, M. E. og Mauren, A., «Kan forvente et skred i løpet av kvelden», Aftenposten, 28/10-2014.
  2. «Nå skal de endelig få Mannen til å rase», TV2, 04.06.2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]