Maoridue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maoridue

Status i verda: NT Nær truga

Maoridue på Kapiti IslandFoto: Flickr-brukar Duncan
Maoridue på Kapiti Island
Foto: Flickr-brukar Duncan

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Columbiformes
Familie: Columbidae
Slekt: Hemiphaga
Art: H. novaeseelandiae
Vitskapleg namn
Hemiphaga novaeseelandiae

Maoridue (Hemiphaga novaeseelandiae) er ei due som er endemisk til New Zealand og ho er utbreidd spreitt over det meste av landet. Arten tilhøyrer duefamilien Columbidae, og underfamilien Treroninae, som finst i heile Søraust-Asia, Malayahalvøya, Afrika og er representert på New Zealand med maoridue. Medlemmene av denne underfamilien har ein diett i stor grad basert på frukt.[1] Arten parea eller chathamdue (Hemiphaga chathamensis) var tradisjonelt sett på som ein underart av maoridue, men er her handsama som ein eigen art etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011.[2]

Artsnamnet brukt i maori er kererū over det meste av landet, men òg det lydhermande kūkupa og kuku i einskilde delar av Nordøya, spesielt i Northland.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Nærbilete av hovudet viser iriserande fjørfargar, foto frå Kapiti Island
Foto: Flickr-brukar Matt Binns

Maoridua er ei stor due, 51 centimeter og 560 gram som lever i skog frå kyst til høgtliggande innland, og er utbreidd frå Northland til Stewart Island/Rakiura.[3] Morfologisk er ho som ei typisk due med kraftig bryst, spinkle bein og eit relativt lite hovud med kort nebb. Ho viser òg typisk dueåtferd, som inkluderer evna til å suge opp vatn og ho kan gjere seg truande og slå med vengene. Maoriduene byggjer spinkle, grunne reir og dei fôrar ungane med «duemjølk» frå kroen.[1][4]

Hovudet, halsen, vengene og overgumpen er generelt i skinnande grønlilla farge, men med eit bronseskjer i fjørene. Brystet og heile undersida er vanlegvis kvitt og nebbet er raudt, med meir oransje mot tuppen. Føter og auge er raude. Ungane har liknande farger, men er generelt ljosare med bleike farger i nebbet, auge og føter og dei har òg ein kortare hale.

Lætet frå maoriduer er einskilde, sporadiske og mjuke gjennomtrengande kuu-lydar. Det vanlege fluktbiletet er med sterke vedvarande vengeslag, vengene gjev ein særs karakteristisk «susande» lyd når fuglen flyg. I samband med hekking, gjerne rett før egglegging ved reirplassen, har maoriduer iaugefallande oppvisingar der dei flyg til vers, stoppar, og kastar seg ut i eit stup gjennom lufta på stive venger.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Maoriduene var ein gong dei store fråspreiarar av drageliljetre. Dei et dei små kvite frøa om hausten og vinteren.
Foto: Flickr-brukar Philip Poole

Maoriduer et vegetabilsk føde, primært frukt frå eit stort utval av tre av den opphavlege flora på New Zealand[5] og på dei innførte plommetrea. Når det er mangel på frukt beitar mange dessutan på bladverk, skot og blomar, men i nokre delar av landet er frukt einaste matkjelda. Maoriduer spelar ei vektig økologisk rolle som frøspreiar, sidan dei er dei einaste fuglane i stand til å svelgje store fruktsteinar, som til dømes frå arten taraire, og dermed spreie frøa intakt.[6]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Hekketida er generelt tilpassa sesongane for moden frukt som varierer med årstidene, gode og dårlege fruktår, og varierer med dei ulike områda av landet. I den varmare nordlege halvdelen av Nordøya, kan maoriduer hekke heile året, unntatt i myteperioden mellom mars og mai, viss nok frukt er tilgjengeleg.[6] Lengjer sør der færre subtropiske treslag veks, skjer hekkinga vanlegvis frå tidleg vår til haust, igjen avhengig av tilgang på frukt. I dårlege fruktår kan noko av eller heile populasjonen mislukkast i hekking, i gode år kan dei få fram to til tre kull.

Maoriduer hekkar i tre, kvart kull er på eit einaste egg som dei legg i eit spinkel reir bygd av samansamla kvister. Rugetida er 27-30 dagar og ungen treng 30-45 dagar til å bli flygedyktig. Vanlegvis er maoriduene eit til to år når dei hekkar første gongen, og den lengste registrerte levetida er seks år, truleg kan dei leve til dei er ti år eller meir.

Utbreiing og vern[endre | endre wikiteksten]

Norfolkdue (H. n. spadicea) var ein underart på Norfolkøya som no er utdøydd
Illustrasjon av John Gerrard Keuleman frå 1907, public domain

Storleiken av maoriduepopulasjonen er ukjent, men minkande.[7] Bestanden fall monaleg etter at menneske kom til New Zealand, og denne trenden held fram, særleg på Nordøya, men dei er enno relativt vanlege i den vestlege delen av Sørøya og i kystnære Otago. Fuglane er i dag trua av ulovleg jakt, habitatøydelegging og dårleg hekkesuksess.[8][9][10] Duene var svært talrike før om lag år 1860 og dei samla seg i store flokkar for å beite på frukttre.[11] Så tidleg som i 1864 var det vedtatt jaktrestriksjonar, med total vern frå 1921,[1] sjølv om handheving av loven ikkje var konsekvent. Somme maoriar protesterte, dei hevda ein tradisjonell rett til å jakte på dua.[12]

Fuglen er i dag verna i samsvar med viltloven og det har vore rettsforfølging for å skyte han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Falla, R. A., R. B. Sibson, and E. G. Turbott (1979). The new guide to the birds of New Zealand and outlying islands. Collins, Auckland.
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 7. januar 2012 
  3. Clout, M. N., P. D. Gaze, J. R. Hay, and B. J. Karl. (1986) Habitat use and spring movements of New Zealand Pigeons at Lake Rotoroa, Nelson Lakes National Park. Notornis 33:37–44.
  4. James, R. E. (1995). Breeding ecology of the New Zealand pigeon at Wenderholm Regional Park. p93. School of Environmental and Marine Science. University of Auckland, Auckland.
  5. Vektige innfødde treartar er miro, tawa, tataire, puriri, andre vektige frukter er kahikatea, coprosma, titoki, nikau, karaka, artar i ligusterslekta, Sambucus og drageliljetre. Etter B. Heather og H Robertson (2005), side 349.
  6. 6,0 6,1 Christine Mander, Rod Hay and Ralph Powlesland. (1998) Monitoring and management of kereru (Hemiphaga novaeseelandiae), Department of Conservation technical series (ISSN 1172-6873), number 15. Department of Conservation, Wellington, New Zealand. ISBN 0-478-21751-X. Accessed 2008-01-13.
  7. BirdLife International 2012
  8. Clout, M. N., K. Denyer, R. E. James, and I. G. Mcfadden. (1995) Breeding success of New Zealand pigeons (Hemiphaga novaeseelandiae) in relation to control of introduced mammals. New Zealand Journal of Ecology:209–212.
  9. Clout, M. N., B. J. Karl, R. J. Pierce, and H. A. Robertson. (1995) Breeding and survival of New-Zealand pigeons Hemiphaga novaeseelandiae. Ibis 137:264–271.
  10. Clout, M. N., and A. J. Saunders. (1995) Conservation and ecological restoration in New Zealand. Pacific Conservation Biology 2:91–98.
  11. Best, E. (1977). Forest lore of the Maori. E.C. Keating Government Printer, Wellington, New Zealand.
  12. Feldman, James W. (2001). "Enforcement, 1922–60", chapter 3 Treaty Rights and Pigeon Poaching: Alienation of Maori Access to Kereru, 1864–1960. Waitangi Tribunal, Wellington, New Zealand. ISBN 0-908810-55-5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]