Sambucus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hylleslekta


Svarthyll
Svarthyll

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Dipsacales
Familie: Adoxaceae
Slekt: Sambucus
Vitskapleg namn
''Sambucus''

Sambucus, norsk Hylleslekta, er ei planteslekt i moskusurtfamilien med 5-30 artar avhengig av korleis dei blir delt inn. Dei høyrer heime i Nord- og Sør-Amerika, Asia og Europa. Det er små tre, busker og fleirårige plantar. Artene er kjenneteikna med motsette eller spreidde blad som er ulikefinna og består av 3-9 elliptiske småblad som oftast har sagtakka rand. Blomstrane er regelmessige, 5-talige og oftast kvite. Frukta er bæraktige steinfrukter, som inneheld 1-5 kjerner. Barken inneheld kalsiumoxalat.

Gift[endre | endre wikiteksten]

Blad, kvistar, greiner, frø og røter inneheld eit cyanid-induserande glycosid (eit glycosid som dannar cyanid etterkvart som metabolismen omdannar det). Inntak av kva for ein av desse plantedelane i tilstrekkelege mengder kan føre til ei giftig opphoping av cyanid i kroppen.

På grunn av at det er mogleg å bli cyanid-forgifta, bør barn bli fråråda frå å lage fløyter og leiker frå hylletre. I tillegg bør ein vere forsiktig med urtete laga med blada frå hyll. På den raude hylla er alle delane giftige. Mogne bær utan kjernar frå svarthyll kan kokast og nyttast i matrettar.[1]

Artsgrupper[endre | endre wikiteksten]

Sambucus canadensis med den komplekst greina blomsterstanden

Ein kan fordele dei ulike artane i hylleslekta inn i ulike grupper. Berre to artar har offisielle norske namn, svarthyll og raudhyll. Engelske namn er gitt i tillegg. Latinske namn i feit skrift er godtatte namn i følge KEW.[2]

Svartbæra hyll[endre | endre wikiteksten]

Skjermklase

Gruppa med svartbæra hyll er kompleks og ein finn ho i dei varmare delane av Europa og Nord-Amerika. Nokre gonger blir ho handsama som ein art Sambucus nigra med fleire regionale variantar eller underartar, eller ein kan sjå på henne som ei gruppe av fleire liknande artar. Blomstrane sit i ein flat skjermklase (corymb) og bæra er svarte til gråaktig (glaucous) blå. Dei er større busker som kan bli 3-8 meter høge, nokre gonger opptil 15 meter høge med ein stammediameter på 30-60 cm.

Mellomart[endre | endre wikiteksten]

Panicle
  • Sambucus racemosa var. melanocarpa (Blackberry Elder; vestlege Nord-Amerika; svarte bær) er mellom den ovanståande gruppa og den neste. Blomstrane dannar ein rundaktig klase (panicle), men bæra er svarte. Det er ein liten busk som sjeldan blir over 3-4 meter høg. Nokre botanikarar inkluderer arten i den raudbæra gruppa.

Raudbæra hyll[endre | endre wikiteksten]

Gruppa med raudbæra hyll er kompleks og ein finn ho på den nordlege halvkula. Nokre gonger blir ho handsama som ein art Sambucus racemosa med fleire regionale variantar eller underartar, eller ein kan sjå på henne som ei gruppe av fleire liknande artar. Blomstrane dannar ein rundaktig klase (panicle), og bæra er skarpt raude. Dei er små busker som sjeldan blir høgare enn 3-4 meter.

Australsk hyll[endre | endre wikiteksten]

Australian elder gruppa omfattar to artar frå Australasia. Blomstrane dannar ein rundaktig klase (panicle), og bæra er kvite eller gule. Dei er busker som kan bli 3 meter høge.

Dverghyll[endre | endre wikiteksten]

Skjerm

Dwarf elders er i motsetnad til dei andre artane, urtaktige plantar som dannar nye stenglar kvart år frå eit fleirårig rotsystem. Dei kan bli 1.5 -2 meter høge. Kvar stengel ender i ein stor, flat skjerm som mognar til ein tett klase med glatte bær.

  • Sambucus adnata (Asian Dwarf Elder; Himalaya og aust-Asia; raude bær)
  • Sambucus ebulus (European Dwarf Elder; sentral- og sør-Europa, nordvest-Afrika og sørvest-Asia; svarte bær)

Andre hyll[endre | endre wikiteksten]

Andre artar:

Hylledyrking i Austerrike

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sambucus


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nova Scotia Museum Website, Poison plant section, Nova Scotia Museum – Poisonous plants
  2. http://www.theplantlist.org/tpl/search?q=Sambucus Sambucus i KEW
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Kearney, T.H. & R. H. Peebles. 1960. Arizona Flora. University of California Press. Berkeley, CA.