Maorilire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maorilire

Status i verda: EN Sterkt truga

Maorilire ved KaikouraFoto: SDuncan Wright
Maorilire ved Kaikoura
Foto: SDuncan Wright

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Puffinus
Art: P. huttoni
Vitskapleg namn
Puffinus huttoni
Matthews, 1912

Maorilire, Puffinus huttoni, er ei lire i stormfuglfamilien. Som hekkefugl er ho endemisk til New Zealand med hekkeområde i fjellet Kaikoura RangesSørøya.

Maorilira har kroppslengd på ca. 36 centimeter og kroppsmasse på 350 gram. Ho er gjennomgåande mørk på oversida med lys underside. Rygg og overside av venger er einsfarga gråbrune, strupen og midten av brystet er kvit med gradvis overgang til den gråbrune oversida. Buk, kroppssider og undergump er einsfarga kvite. Undervengene er skittenkvite med utydeleg avgrensa mørkt markert band rundt bakkanten. Nebbet er mørkt. Den noko mindre flagrelire liknar mykje, men har lysare undervenger.

Det einaste hekkeområdet ein kjenner vart funne i 1965 og ligg i jorddekte fjellsider i Kaikoura Ranges på nordaustre Sørøya, 1200 til 1800 moh. Hoa legg egget i perioden frå slutten av august til midten av september, og ungen er flygedyktig frå mars-april. Ungane kjem tilbake til kolonien når dei er tre år gamle. Maorilira er ein trekkfugl, om hausten trekkjer ho til eit havområdet rundt Australia frå Torressundet i nord, sørover austkysten, rundt Tasmania og vestover til kysten av Vest-Australia. Populasjonen er estimert til ca. 300 - 350 000 individ og minkande. Reirkoloniane blir angripne av røyskatt, Mustela erminea.

Føda er for det meste småfisk og kril. Dei stuper i vatnet frå låg høgd, eller dei sym på overflata og kik under vatnet etter byttet til dei dukkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]