Maoriparakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maoriparakitt

Status i verda: CR Kritisk truga

Bilete frå Isaac Peacock Springs wildlife refuge, ChristchurchFoto: Jon Sullivan
Bilete frå Isaac Peacock Springs wildlife refuge, Christchurch
Foto: Jon Sullivan

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Psittaciformes
Familie: Psittacidae
Slekt: Cyanoramphus
Art: C. malherbi
Vitskapleg namn
Cyanoramphus malherbi
Souancé, 1857

Maoriparakitt (Cyanoramphus malherbi) er ein liten papegøye, endemisk til New Zealand. På New Zealand er han allment kjent som 'Orange-fronted Parakeet', eit namn han deler med ein annan papegøyeart frå Mellom-Amerika. Arten er kritisk truga med 50-249 kjønnsmodne individ igjen i vill tilstand.[1]

I mange år blei maoriparakitt sett på som ein underart eller som fargevariant[2] av den meir vanlege arten gulkroneparakitt. Nyare forsking har vist at dette er ein gyldig sjølvstendig art.[3] Maoriparakitt lever i Nothofagus-skog på Sørøya på New Zealand, sjølv om dei kan ha hatt eit vidare spekter av habitat før tilkoma av menneske. Dei har vorte truga av hogst av opphavleg skog, som gav dei eldre tre som dei hekka i, ved overbeiting av dei låge buskane som dei fann føda i, og av predasjon av introduserte rotter, røyskattar og kattar.

Det vitkaplege artsnamnet heidrar den franske ornitologen Alfred Malherbe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International (2013)
  2. Arndt, T.: Lexicon of Parrots
  3. Boon, W.M.; Kearvell, J.; Daugherty, C. H.; Chambers, G. K. (2001): Molecular systematics and conservation of kakariki (Cyanoramphus'spp.). Science for Conservation 176 PDF fulltekst

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maoriparakitt