Papegøyefuglar
Papegøyefuglar | |
![]() Grønbrystlori Vini australis | |
Utbreiing | |
![]() Utbreiinga av papegøyefuglar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes Wagler, 1830 |
Papegøyefuglar eller papegøyar, Psittaciformes, er ein biologisk orden av omkring 360 fugleartar spreidd i dei fleste varme og tropiske område. Det største mangfaldet av papegøyar finn vi i Sør-Amerika og i Australasia.
Dei karakteristiske trekka ved papegøyefuglar inkluderer eit sterkt krumma nebb, oppreist haldning, kraftige bein og klør. Beina har to tær framover og to bakover (zygodaktyl). Dei fleste parakittar har grøn farge som basis i fjørdrakta, blanda med andre klåre farger, og somme artar har fleirfarga basis. Kakaduer har farger som spenner frå mest kvitt til mest svart, og har ein fjørtopp på hovudet som dei kan reise opp. Dei fleste papegøyar er monomorfiske eller dei syner minimal kjønnsdimorfisme. Dei nolevande artane varierer i storleik frå dvergspettepapegøye, på under 10 gram 8 cm i lengd, til hyasintara på 1,0 meter i lengd, og kakapo på 4 kg i vekt. Om ein ser på kroppslengda, er papegøyefuglar den fugleorden som har størst variasjon av alle ordenar.
Dei vektigaste ingrediensane i dietten åt dei fleste papegøyar er frø, nøtter, frukt, knoppar og anna plantematerialar, og nokre få artar et også insekt og smådyr. Loriar er spesialiserte til å hauste nektar frå blomar, og frå mjuke frukter. Nesten alle papegøyar hekkar i hole tre, legg kvite egg og får ungar som er hjelpelause når egga er klekt.
Saman med fuglane i kråkefamilien, er papegøyefuglar nokre av dei mest intelligente fuglar. Eigenskapen som somme papegøyeartar har til å imitere menneskestemmer forsterkar populariteten som kjæledyr. Førekomsten av papegøyar er svekka grunna fangst og handel med fuglar, jakt, tap av habitat og konkurranse frå artar som er ført inn i habitata deira.[1] I den seinare tida har det vore sett inn tiltak for å verne leveområde for nokre høgprofilerte karismatiske papegøyeartar, dette har òg gjeve vern for mindre kjente artar i økosystemet.[2]
Systematikk[endre | endre wikiteksten]
Det var tidlegare vanleg å dele inn papegøyefuglar i to familiar, parakittar, Psittacidae, eller ekte papegøyar og kakaduer, Cacatuidae. Frå 2012 blei dei tre artane på New Zealand, kea, kaka og kakapo isolert i ein ny familie kakapofamilien, Strigopidae.[3] Frå 2014 tok Clementslista med enda eit nytt familietakson, med referanse til mellom anna ein publikasjon av Joseph et al. (2012).[4] Namnet på det nye taksonet er Psittaculidae, og samlar parakittar i «den gamle verda», slik at alle amerikanske papegøyar og to parakittslekter i Afrika står att i Psittacidae.[5]
- Kakapofamilien, Strigopidae, er tre papegøyar på New Zealand.
- Kakadufamilien, Cacatuidae: 21 store papegøyar med hovudsakleg australasiatisk distribusjon, frå Filippinane og dei austlege indonesiske øyane til Ny-Guinea, Salomonøyane og Australia. Kakaduer er kjenneleg på den prangande fjørtoppen og det strerkt bende nebbet, ofte ein hanekam som kan slåast opp.
- Parakittfamilien, Psittaculidae, parakittar i «den gamle verda», 178 artar
- Papegøyefamilien, Psittacida, jako og slekta Poicephalus i Afrika, samt alle papegøyar i Amerika, totalt 167 artar
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Parrot frå Engelsk Wikipedia .
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Snyder, N; McGowan, P; Gilardi, J; & A Grajal (2000), Parrots: Status Survey and Conservation Action Plan, 2000-2004. Kapittel 1. vii. IUCN ISBN 2-8317-0504-5.
- ↑ Snyder, N; McGowan, P; Gilardi, J; & A Grajal (2000), Parrots: Status Survey and Conservation Action Plan, 2000-2004. Kapittel 2. side 12. IUCN ISBN 2-8317-0504-5.
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012
- ↑ Leo Joseph, Alicia Toon, Erin E. Schirtzinger, Timothy F. Wright & Richard Schodde (2012). «A revised nomenclature and classification for family-group taxa of parrots (Psittaciformes)» (PDF). Zootaxa 3205: 26–40. Arkivert frå originalen (PDF) 11. desember 2013. Henta 11. januar 2015.
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2014), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Updates & Corrections – August 2014, Cornell Lab of Ornithology, henta 11. januar 2015