Marcus Buck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marcus Buck
Fødd7. september 1962
NasjonalitetNoreg
Yrkestatsvitar

Marcus Buck (fødd 7. september 1962) er ein norsk statsvitar. Han er førsteamanuensis ved UiT Noregs arktiske universitet .

Buck har hovudfag i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen og vart i 2006 dr.polit. ved Universitetet i Tromsø. Frå 1994 har han arbeidd ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Tromsø. Buck er oppteke av konfliktlinjer, parti og val, demokratisering og komparative forskingsdesign. Han er ekspert på politikk i Spania og har vore knytt til Universidad de Granada. Han har publisert både på norsk, spansk og engelsk. Buck har vore leiar i Norsk statsvitenskapelig samskipnad.

Han er mykje brukt som valkommentator av NRK og vert ofte intervjua om norsk politikk og spanske tilhøve av norske medium.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Publikasjoner av Marcus Buck i BIBSYS
  • 2009 – Buck, Marcus: Democratisation: The Electoral Nexus, Köln: Lambert Academic Publishing. ISBN 978-3-8383-1800-4
  • 2008 – Buck, Marcus: «Los sistemas políticos nórdicos – La política de consenso como modelo propio?», s. 453-475 i Carlos de Cueto og Marién Durán (red.): Regímenes Políticos Contemporáneos – entre inmovilismo y cambio, Editorial Comares. ISBN 978-84-9836-442-2
  • 2007 – Buck, Marcus; Einar Berntzen og Leiv Marsteintredet: «La política comparada: a caballo entre historia y función», s. 1-24 i Marcus Buck og Carlos de Cueto Nogueras (red.): Manual de sistemas políticos, Editorial Comares. ISBN 978-84-9836-191-9
  • 2007 – Buck, Marcus: «Los sistemas políticos nórdicos – un modelo propio?», s. 383-400 i Marcus Buck og Carlos de Cueto Nogueras (red.): Manual de sistemas políticos, Editorial Comares. ISBN 978-84-9836-191-9
  • 2006 – Buck, Marcus, Helge O. Larsen og Tord Willumsen: Når folket får velge – Forsøkene med direkte valg av ordfører som deltakelses- og styringsreform, Oslo: Kommuneforlaget. ISBN 82-446-1227-4
  • 2005 – Buck, Marcus, Helge O. Larsen og Tord Willumsen og Mikal Lanes: «Direktevalg av ordfører: Demokratisk nyvinning eller mislykket eksperiment?», s. 102-121 i Jo Saglie og Tor Bjørklund: Lokalvalg og lokalt folkestyre, Oslo: Gyldendal Akademisk. ISBN 82-05-33941-4
  • 2005 – Broderstad, Else Grete og Marcus Buck: «Los Saami y la UE: los derechos indígenas y las limitaciones del estado-nación», s. 137-153 i Carlos de Cueto Nogueras (red.): Seguridad y diversidad en las sociedades contemporáneas, Madrid: Biblioteca Nueva. ISBN 84-9742-388-7
  • 2005 – Buck, Marcus: «The Exemplary Transition From Authoritarianism: Some Notes on the Legacy of Undemocratic Decision-Making in Spain», s. 1607-1635 i Stein Ugelvik Larsen (red.): Modern Europe After Fascism, New York: Columbia University Press. ISBN 0-88033-973-X