Hopp til innhald

Maren Grøthe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maren Grøthe

Fødd14. juli 2001 (24 år)
Melhus kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Maren Grøthe (fødd 14. juli 2001) er ein norsk politikar frå Hølonda som 2021-23 representerte Sør-Trøndelag og SenterpartietStortinget.

Grøthe var medlem i kommunestyret i Melhus frå 2019, der ho vart vald til leiar av utvalet for helse og oppvekst.[1] Gjennom stortingsvalet 2021 vart ho vald til fyrste vararepresentant for Senterpartiet i Sør-Trøndelag. Då representanten Ola Borten Moe frå 14. oktober 2021 var statsråd i Støre-regjeringa, rykte Grøthe inn på fast plass på Stortinget, som den aller yngste nokon gong.[2] På Tinget var ho medlem i Utdannings- og forskningskomiteen. 4. august 2023 måtte Moe ga ut av regjeringa,[3] han tok då plassen sin i Stortinget.[4]

  1. Thobroe, Grete. «Første 20-åring som møter fast på tinget – lover å kjempe de unges sak». nrk.no (på norsk).
  2. «Grøthe ut av Stortinget». TV 2 (på norsk). Henta 10. august 2023.
  3. «Ola Borten Moe går av som statsråd». NRK. 21. juli 2023. Henta 21. juli 2023.
  4. «Grøthe, Maren (2001-)».