Maren Ramskeid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maren Ramskeid
Fødd 30. juni 1817
Død

Maren Olavsdotter Ramskeid (fødd 30. juni 1817) var ein norsk-amerikanar som er kjend i ettertid som ei av kjeldene for Draumkvedet.

Hennar versjon blei nedteikna av M.B. Landstad på 1840-talet, og har ry som den originalversjonen av Draumkvedet som har best indre samanheng. Han er soleis den beste dokumentasjonen ein har for at Draumkvedet har funnest som sjølvstendig ballade og gjennomført visjonsdikt, i ætt med visjonsdikting frå mellomalderen. Varianten vart prenta fyrste gongen i Norske Folkeviser (1853). Her er det opplyst at Maren har «lært af sin Fader Ole Gulliksen Ramskeid død for 15 år siden 77 Aar gl. – han lært den av sin Far.»

Barndom og oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Plassen Ramskeid, som ho hadde namnet sitt etter.
Minnestein som blei sett opp mellom Heggtveit og Ramskeid i 2003.

Maren Heggtveit eller Ramskeid var fødd på Nordigard Heggtveit i Åsgrend i Kviteseid i Telemark. Som vanleg på den tid, tok familien namn etter garden, og kalla seg Heggtveit. Faren, Olav Gunnleiksson Heggtveit (fødd 1757), gift med Gunhild Halvorsdotter Aase (fødd 1780), hadde rydda denne garden etter at han vart skilt ut frå Heggtveit midtre, i 1790-åra. I 1828 måtte familien selja garden og flytte til plassen Ramskeid under Nordigard Heggtveit.

Faren var 60 år da Maren vart fødd som nummer seks i ein syskenflokk på sju, og mora døydde då ho var lita. Då faren døydde i 1834, flytte Maren Ramskeid, som den gongen var 17 år, til ei tante på Sandland i Brunkeberg, og tok namnet Maren Olavsdotter Sandland. Det var truleg på Sandland Maren vart oppsøkt av presten Magnus Brostrup Landstad. Ho tente der som pige i 1849. Ho var då 19 år gamal. Han nemner henne likevel som Maren Ramskeid.

Maren Ramskeid gifte seg med enkemannen Olav Bjørgulfson Fossheim og flytte til Heimdal i Tveitgrend i Kviteseid. I 1882 reiste huslyden til Amerika.

Ein av brørne, Gunnleik, flytte til Åse. Det er sagt at han var ein god visediktar. Den mest kjende visa hans skal vera «Sveinkallvisa», som blei utgitt i skriftet «Lauvduskar», på Det Norske Samlaget i 1887.

Draumkvedet[endre | endre wikiteksten]

Maren Ramskeids versjon av Draumkvedet er rekna som den episk sett viktigaste av alle kjende variantar, «Den einaste som synest ha ein viss samanheng mellom strofene», seier Brynjulv Alver. Alver uttrykker seg svært varsamt. Nærlesning syner at Ramskeid-varianten har ei fast oppbygging og god indre samanheng:

«Den er komponert over slående kontraster som går igjen både i de store linjer og i detaljer. Dertil bygger den seg virkningsfullt opp mot et klimaks som gjennom henspilling på Johannes Åpenbaring aktualiserer selve det kristne verdensdrama. I løpet av noen ganske få strofer formidles samtidig det kristne nådesbudskap, inntrengende, men ikke påtrengende, sterkt og samtidig mildt. Slutten stråler ut lys og trøst.»[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dagne Groven Myhren (1995) i artikkelen «Katedral eller stavkirke. Genredrøfting og tro i Draumkvedet» i Telemark historie nr 16, s. 34-45. Jf. også Ådel Gjøstein Bloms detaljerte analyse i avhandlingen Ballader og legender.