Maria Bonnevie
| Maria Bonnevie | |||
| Maria Bonnevie | |||
| Fødd | 26. september 1973 (52 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Västerås i | ||
| Fødenamn | Anna Maria Cecilia Bonnevie | ||
| Aktive år | 1991– | ||
| Verka som | Skodespelar | ||
| Mor | Jannik Bonnevie | ||
| Far | Per Waldvik | ||
| Ektefelle | Mikael Persbrandt (1998-2003) | ||
| Sambuar | Fredrik Skavlan (frå 2006) | ||
| Prisar | Amandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle, Kanonprisen for beste kvinnelege hovudrolle, Amandaprisen for beste kvinnelige birolle, Gullruten for beste skodespelar | ||
Maria Bonnevie (fødd 26. september 1973) er ein norsk-svensk skodespelar. Ho har arbeidd med teater og film.
Anna Maria Cecilia Bonnevie vart fødd i Västerås som dotter av skodespelarane Jannik Bonnevie og Per Waldvik. Bonnevie er utdanna ved Stockholm Scenskola (1997) og fekk si første teaterrolle i Den vite vikingen av Hrafn Gunnlaugson. I 1997 debuterte ho på den svenske teaterscenen Dramaten, i stykket Yvonne av Ingmar Bergman.
På filmlerretet debuterte Bonnevie i Kvitebjørn kong Valemon (1991) der Ola Solum hadde regi. Gjennombrotet hennar kom i Jerusalem (1997) regissert av Bille August, og seinare har ho mellom anna vore med i Insomnia (1997), Øyenstikker (2001) og Syndare i Sommersol (2001). For filmen Jeg er Dina (2002) mottok ho utmerking for beste utanlandske kvinnelege skodespelar ved filmfestivalen i Montreal.
I 2009 spelte Bonnevie den britiskfødte dronning Maud av Noreg i den norske TV-miniserien Harry & Charles. For rolla fekk ho Gullruten 2010.
Filmar i utval
[endre | endre wikiteksten]- 1991 - Den hvite viking
- 1996 - Jerusalem
- 1999 - Den 13. krigeren
- 1999 - Tsatsiki, moren og politimannen
- 2001 - Syndere i sommersol
- 2002 - Jeg er Dina
- 2002 - Himmelfall
- 2003 - Mamma, pappa, barn
- 2004 - Trusselen
- 2004 - Dag og natt
- 2007 - Изгнание, Izgnanie (eng. The Banishment)
- 2009 - Engelen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta måndag 4. januar 2010, klokka 20:26.