Maria Kristine Sture

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maria Kristine Sture
Maria Kristine Svendsen.jpg
Maria Kristine Sture
Foto: Norsk Målungdom
Fødd 8. september 1988
Verv Leiar i Norsk Målungdom
Periode 2009–2010
Føregangar Jens Kihl
Etterfylgjar Janne-Kristin Svarstad Nygård

Maria Kristine Sture (fødd 8. september 1988) er ei målkvinne frå Oslo. Ho var leiar av Norsk Målungdom (NMU) frå 2009 til 2010, og før dette dagleg leiar og politisk nestleiar i same organisasjonen. Frå 2013 til 2015 sat ho i valnemnda til NMU, og har ofte verka som hjelpar for organisasjonen. Ho er i dag tilslutta Studentmållaget i Stavanger, og er gift med tidlegare leiar Vebjørn Sture.