Maria Therese Tviberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria Therese Tviberg


Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. april 1994 (30 år)
Bergen
Idrett alpint
Tok del i

Junior-VM i alpint 2013, Junior-VM i alpint 2015

Maria Therese Tviberg (fødd 7. april 1994) er ein norsk alpin skirennar frå Geilo, medlem i Geilo Idrettslag. Ho vann OL-bronse med Noreg i mannskapstevlinga under Vinter-OL 2022.

Tviberg har delteke i verdscupen i alpine greiner sidan 24. januar 2015, utan nokon gong kome på sigerspallen. I 2017 vart ho trippel noregsmeister med di ho då vann slalåm, super-g og utfor under meisterskapen i Narvik. To år seinare sikra ho seg eitt nytt NM-gull ved NM i alpine greiner 2019 i Hemsedal.

Under dei olympiske vinterleikane 2022 i Beijing fekk Tviberg ein bronsemedalje, i spann med Thea Louise Stjernesund, Fabian Solheim og Timon Haugan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]