Maria besøksdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maria besøker Elisabeth. Freske av Giotto i Arenakapellet i Padova.

Maria besøksdag (latin Festum Visitatio Mariæ) har vore feira som ein heilagdag den 2. juli. Dagen har òg vore kalla Marias vitjing, Fruemesse og Maria Berggang. Maria besøksdag fall saman med Syftesok, St. Svithuns dag, som òg vart feira 2. juli.

I Den katolske kyrkja vart feiringa av dagen flytta til den 31. mai i 1969.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Altartavle frå 1500-talet som skildrar Maria si vitjing til høgre og Maria sin bodskap frå engelen til venstre.

Maria besøksdag er til minne om då Maria medan ho venta på at Jesus skulle bli fødd besøkte sin slektning Elisabeth, mor til døyparen Johannes. Dagen vart innført som heilagdag seint i mellomalderen.

Maria besøksdag i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Kristian den femtes norske lov var dagen lovfesta heilagdag under namnet Mariæ Besøgelsis Dag til han vart fjerna frå 1771 gjennom Festdagsreduksjonen. Då dagen var heilagdag i Danmark og Noreg, vart det i kyrkja preika over Evangeliet etter Lukas, 1. kapittel versa 39-56, Maria og Elisabeth og Marias lovsong.

Etter at heilagdagen vart fjerna forsvann feiringa av han gradvis, men heldt seg lenge nokre stader. I området rundt Trømborg kyrkje i Eidsberg, der det fanst ei mariakjelde, fekk tenestefolk fri denne dagen, ein pynta seg til fest og kunne gå særskilt i kyrkja fram til og med byrjinga av 1900-talet.[2]

Litteratur og informasjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]