Marian Drăgulescu
Marian Drăgulescu | |
Statsborgarskap | Romania |
Fødd | 18. desember 1980 (43 år) București |
Idrett | turn |
Tok del i | Turn under Sommer-OL 2004 – Frittstående menn, Turn under Sommer-OL 2004 – Hopp menn, Turn under Sommar-OL 2016, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's artistic team all-around, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's floor, Turn under Sommer-OL 2004 – Mangekamp menn, Turn under Sommer-OL 2004 – Mangekamp lagkonkurranse menn, Turn under Sommer-OL 2008 – Mangekamp lagkonkurranse menn, Turn under Sommer-OL 2008 – Frittstående menn, Turn under Sommer-OL 2008 – Hopp menn, Turn under Sommer-OL 2016 – Hopp menn |
Marian Drăgulescu (fødd 18. desember 1980) er ein rumensk tidlegare turnar frå Bucuresti. Han deltok på øvste internasjonale nivå frå 1999 til 2019 og vann til saman åtte gullmedaljar i verdsmeisterskap og ti gullmedaljar i europameisterskap. Han var spesialist i øvingane hopp og frittståande. Eit element i hopp-øvinga er kalla opp etter han, ettersom han var den fyrste som brukte det i ei internasjonal tevling.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Drăgulescu tok steget opp i verdseliten med ein fjerdeplass i hopp ved Turn-VM 1999. Året etter vann han frittståande i EM i Bremen. I 2001 vann han gullmedalje i hopp i og frittståande ved verdsmisterskapen i Gent. År 2002 sigra han i hopp både i EM og i VM, dessutan bidrog han mykje til at Romania gjekk til topps i lagkampen i EM i greske Patras. I 2003 enda han som best på sølvplassen ved VM i Anaheim. Under EM 2004 i Ljubljana triumferte han både i mangekamp, frittståande og hopp, samt i lagkampen for Romania. Få månader seinare sanka han tre olympiske medaljar då Sommar-OL 2004 vart avvikla i Aten; sølv i frittståande og bronse i hopp og i lagkamp.
I 2005 vart Drăgulescu europameister i frittståande og verdsmeister i hopp. Eitt år seinare vann han gull i hopp både ved EM i Volos og i VM i Århus, i Århus vann han også frittståande. Ein skade gjorde at han ikkje deltok i verdsmeisterskapen 2007. Under Sommar-OL 2008 imponerte han i kvalifiseringa, men mislukkast i finalane og enda opp med ein fjerdeplass i hopp som fremste prestasjon. Året etter stilte han opp i Turn-VM 2009 i London og vann på ny gullmedaljar i frittståande og hopp.
Etter nokre år utan medalje kom Drăgulescu tilbake og sikra seg ein sølvmedalje i hopp ved Turn-VM 2015 i Glasgow. I Turn-EM 2016 i Bern vart han andremann i begge spesialøvingane. Sidan enda han på fjerdeplass i hopp-øvinga både under Sommar-OL 2016, Turn-VM 2017 og Turn-VM 2019. Inn i mellom desse plasseringane vart han i 2017 europameister i hopp.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Marian Drăgulescu» frå Wikipedia på engelsk, den 31. desember 2023.
- «Marian Drăgulescu» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 17. april 2024.
- Einskildmenn
- Fødde i 1980
- Rumenske turnarar
- Verdsmeistrar i turn
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Romania
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Romania
- Rumenske deltakarar under sommar-OL 2000
- Gymnastar under sommar-OL 2000
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- Rumenske deltakarar under sommar-OL 2004
- Gymnastar under sommar-OL 2004
- Rumenske deltakarar under sommar-OL 2008
- Gymnastar under sommar-OL 2008
- Rumenske deltakarar under sommar-OL 2016
- Gymnastar under sommar-OL 2016
- Rumenske deltakarar under sommar-OL 2020
- Gymnastar under sommar-OL 2020